Skip to main content
Unknown Component
civid: 585c435a11ef199d3d237833
name: plugins_common_social_share (widget)

Ullensvang

Nasjonalparkgården

Nasjonalparkgården på Buer er Odda Kommune sin innfallsport til Folgefonna Nasjonalpark. Som eit ideelt startpunkt for turar til både Buerbreen og Reinanuten, har Buer vore eit ynda reisemål så lenge det har vore turistar i Hardanger.

Nasjonalparkgården på Buer er Odda Kommune sin innfallsport til Folgefonna Nasjonalpark. Som eit ideelt startpunkt for turar til både Buarbreen og Reinanuten, har Buer vore eit ynda reisemål så lenge det har vore turistar i Hardanger.

Turane til Buerbreen og Reinanuten er av det spektakulære slaget, men ein treng ikkje gå lengre enn til Nasjonalparkgården for gode opplevingar. Det er nemleg ein attraksjon i seg sjølv. På garden møter du blant anna høylandsfe, sauer og høns. Det er satt opp bord og benker med mogelegheit for rast fleire plassar på garden.  

Parkeringsmogelegheitene er gode og kostar 185 kroner – uansett lengde på stopp.

Turen til Buerbreen tek om lag tre timar tur / retur. Stien går gjennom eit variert landskap med fleire frodige elve og ei hengebru. I dei brattare partia er det tau å halda i. Dette er ikkje ein vanleg fjelltur på ski, men ei aktiv og spanande rute. Har du born med deg, skal du ikkje sjå bort ifrå at dei vert dei fyrste til å nå den mektige isen på toppen.

Turen til Reinanuten er ein dagstur der du når heile 1.000 høgdemeter. Det er ein bratt start med skog heilt til du kjem over tregrensa. Då opnar landskapet seg og du får ei fantastisk utsikt. På sjølve Reinanuten kjem du svært tett på Buarbreen – der den bikkar over kanten og ned i dalen. Synet når dalen sprekker opp isen og dannar eit isslott med tårn og spir av is, er spektakulært.

Last updated: 03/26/2024

Source: Destination Hardanger Fjord AS

Nasjonalparkgården

Nyligen besökta sidor