Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ce87e58a5b7ea9333aa
name: plugins_common_social_share (widget)

Lom

Naturopplevingar | Aktivitetsselskap og utleige av turutstyr

Book

Naturopplevingar er eit firma som tilbyr utleige av friluftsliv-utstyr  - og skreddarsyr naturopplevingar for familiar, firmaer, lag og grupper.

Naturopplevingar er eit firma som tilbyr utleige av friluftsutstyr  - og skreddarsyr naturopplevingar for små og store grupper.

Naturopplevingar held til i Lom og Skjåk – to bygdeperler krinsa av høge fjell og djupe dalar. I Naturopplevingar finn du syskjenbåna Tea Karoline Mork og Kjell Lundemo. Dei er båe to frå Skjåk, og lidenskapeleg opptekne av å vere ute i naturen.

Med Naturopplevingar ynskjer dei å formidle turgleda fjellheimen gir oss som menneske, og dele opplevingar som set seg i kropp og sinn med deg. Om du vil vere med på tur, nyttar dei gjerne si erfaring og lokalkunnskap  - og skreddarsyr eit opplegg som passar ditt ynskje. Naturopplevingar ordnar gjerne med både utstyr, guiding, måltid, overnatting og transport – alt etter kva type fjelleventyr du har i tankane. 

Utleige av utstyr: 
Kvifor eige når du kan leige? Naturopplevingar leiger ut tur- og friluftlivsutstyr som kan reserverast og hentast i Lom sentrum. Naturopplevingar sitt utleigeutstyr er av høg kvalitet for å skape store opplevingar og turglede.

Her kan du mellom anna leige:

Allværsklede & ullgenser
Fjellstøvlar & truger
Ryggsekk & bæremeis
Telt & sovepose
Klatring & breutstyr
Tryggleik & tilbehør
Komplette utstyrspakker

(Prisar oppgitt er for leige per døgn. Ved låneperiode meir enn tre dagar og for grupper på meir enn 10 personar blir vi enige om pakkepris.)

Klikk her for booking av turutstyr!

Gjennom utleige legg Naturopplevingar til rette for at flest mogleg får glede av turutstyret – slik nytteverdi blir maksimert gjennom heile levetida. Vinn-vinn for både deg, bankkontoen og miljøet! Utstyr blir leigt ut til privatpersonar, grupper og gjerne reiselivsbedrifter.

Last updated: 12/19/2022

Source: Visit Jotunheimen AS

Naturopplevingar | Aktivitetsselskap og utleige av turutstyr

Book

Nyligen besökta sidor