Fjærland

Norsk Bremuseum

Boka
  • Norsk Bremuseum, Fjærland
  • Norsk Bremuseum, Vinter Fjærland
  • Norsk Bremuseum
  • Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten
  • Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten
  • Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten
  • Norsk Bremuseum, Vinter Fjærland
  • Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten
  • Norsk Bremuseum, Fjærland
  • Norsk Bremuseum, Fjærland
  • Norsk Bremuseum, Fjærland
  • Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten
  • Se vår Facebook

  • Se vår Instagram

  • Skicka email

  • 57 69 32 88

  • Fjærland

    Sogndal, Vestland

    Visa på kartan

Miljöcertifierade leverantörer

Miljöcertifiering av privata och offentliga företag, även inom turism.

ecoLighthouse logo

eco-lighthouse.org

Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten er eit interaktivt museum i Fjærland for heile familien som gir deg kunnskap om brear og klima på ein ny og spennande måte.

Velkomne til Norsk Bremuseum i Fjærland



Klikk her for å kjøpe billett



Gå ikkje glipp av den fantastiske panoramafilmen om Jostedalsbreen Nasjonalpark, vist på Europas største saumlause lerret, og opplevingsutstillinga om klimaendringar! Bremuseet er prisløna og ligg i fjord- og brebygda Fjærland.



I Bremuseet kan du utføre dine eigne eksperiment med 1000 år gamal is frå Supphellebreen.



På museet finn du svar på ofte stilte spørsmål som "Kvifor er isen blå?" og "Kvifor er fjorden grøn?". Museet er også eit offentleg godkjend besøkssenter for Jostedalsbreen Nasjonalpark.



Arkitekten, professor Sverre Fehn, har teikna museet. Fehn mottok Pritzker prisen i 1997 - den viktigaste internasjonale pris ein arkitekt kan få. Museumsbygget har motteke fleire prisar, blant dei den høgste norske arkitekturprisen.



Alle utstillingane er tilrettelagt for funksjonshemma.



Bremuseet er ei privat stifting som opna i 1991 og vart etablert av the International Glaciological Society, ulike norske forskingsinstitusjonar på bre og klima og Den norske turistforening.



H.M. Dronning Sonja opna museet og meir enn 1,7 millionar personar har vitja museet sidan opninga.



Senteret har presentasjonar på 13 språk: Norsk, Engelsk, Tysk, Nederlandsk, Spansk, Fransk, Italiensk, Russisk, Polsk, Portugesisk, Kinesisk, Japansk og Koreansk.



Norsk Bremuseum Cafè



På bremuseet finn du og ein herleg Cafè der dei servera varm og kald drikke, vafler med syltetøy og rømme, heimalaga cookies, bagetter og is.



Vinter på Norsk Bremuseum



Frå januar til mars er det ope kvar tysdag og torsdag frå 10:00 - 15:00 der det blir sal av enkle kaker og kaffi/te/mineralvatn.


Källa: Visit Sognefjord AS