Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ce87e58a5b7ea9333aa
name: plugins_common_social_share (widget)

Geiranger

TripAdvisor rating of 4.5

422

Panorama-busstur i Geiranger

Book

Bli med på rundtur med lokalbuss til utsiktspunkta Flydalsjuvet og Ørnesvingen. Som namnet antydar, får du oppleve ei storslagen panoramautsikt over Geiranger.

Flydalsjuvet og Ørnesvingen med utsikta mot fossefalla dei Sju Systrene er to av dei mest populære fotomotiva i Noreg. No kan du oppleve dei på ein rask og enkel måte!

Bli med på ei komfortabel og innhaldsrik sightseeingoppleving med lokalbuss, og få med deg både Flydalsjuvet og Ørnesvingen i løpet av halvannan time. Bussen køyrer først frå Geiranger til Flydalsjuvet og stoppar 15 minutt. Deretter går ferda vidare til Ørnesvingen og nok ein fotostopp på 15 minutt, før du returnerer tilbake til Geiranger.

Via ein audioguide på seks språk (norsk, engelsk, fransk, spansk, italiensk og tysk) får du informasjon og forteljingar på vegen. Turen startar og sluttar ved vegen ovanfor Turistinformasjonen i Geiranger.

Last updated: 11/23/2023

Source: Ålesund & Sunnmøre

Panorama-busstur i Geiranger

Book

Nyligen besökta sidor