Skip to main content
Unknown Component
civid: 585c435a11ef199d3d237833
name: plugins_common_social_share (widget)

Ullensvang

Poestien

Ein rundtur godt eigna for barnevogn o.l. med kvilebenkar og dikt langs ruta.

Startpunkt

Køyr 8,0 km frå Jondal mot Folgefonna. Du kan starte ved vegkrysset til Folgefonna (ved bommen) eller rett fram over brua til skulehuset på Kvåle, om lag 0,9 km etter brua. Parkering på eige ansvar. Like før vegbommen på Fonnavegen er det på høgre side ei infotavle.

Om turen

Poestien er ein rundtur på 6,1 km langs veg og traktorveg rundt bygda Øvre Krossdalen, og du avgjer sjølv startpunkt og retning. Ved bommen til Folgefonna er det ei informasjonstavle for turane i området. Ved skulehuset på Kvåle er det kasse med bok å skriva i. Langs Poestien er det kvilebenker og plater med dikt. Turen er eigna også for barnevogn o.l. Eit lite stykkje av turen er traktorveg, elles er det fast underlag.

Du kan gå denne rundturen heile året, men det er berre delar av turen som blir brøytt om vinteren. 

Parkering

Pakreringsavgift:

Lengde: 6,3 km

Total gangtid: 2,5 time

Sesong: Heile året 

Vanskegrad/gradering: ​​​​​​​Blå, middels




Last updated: 10/10/2023

Source: Destination Hardanger Fjord AS

Poestien

Nyligen besökta sidor