Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ce87e58a5b7ea9333aa
name: plugins_common_social_share (widget)

Lom

Røisheim hotell | Restaurant

Book

Røisheim hotell er ein gamal verna skysstasjon (frå 1858) med ei heilt unik atmosfære og eit berømt kjøkken. Måltid i gourmet-klassa høyrer med til opplevinga. 

Røisheim – ein gamal skysstasjon med tradisjonar. For dei kresne og eventyrlystne. 

Røisheim hotell ligg i Bøverdalen på nordsida av Jotunheimen nasjonalpark. Hotellet er ein gamal verna skysstasjon (frå 1858) med ei heilt unik atmosfære og eit berømt kjøkken. Måltid i gourmet-klassa høyrer med til opplevinga. 

Matfilosofi
På Røisheim hotell er kvart måltid ein fest. Det tradisjonsrike hotellet er bevisste på å ta vare på gode norske tradisjonar kombinert med moderne smakar. Kvar kveld får alle gjestane servert ein spanande tre- eller fire-retters middag av høg kvalitet. Bruk av råvarer og smakar frå naturens skattekammer gjev moglegheit til mange nye kombinasjonar av tradisjonsrike norske rettar. Så langt det er mogeleg nyttar dei lokale råvarer og leverandører, og ynskjer å by gjestane på god heimelaga mat basert på gode råvarer og tradisjonar. På Røisheim hotell får du servert tradisjonell mat på ein litt utradisjonell måte.

Selskap og arrangement på Røisheim: 
Røisheim er den perfekte stad å feire nokon av livets store dagar. Her kan du arrangere barnedåp, bryllaup, konfirmasjon og andre store hendingar i livet. Dei vakre og unike bygningane gjer at festen din blir eit minne for livet. Røisheim har eit eige kapell som kan utgjera den perfekte ramma for eit intimt bryllaup eller barnedåp. Kapellet er òg ope for private besøk og bønn.

I spisesalen er det plass til ca 60 personar. Det er òg mogeligheit for å dekke til i peisestova eller på låven. På låven kan dei arrangemere ståande buffet, ha bar og dans for inntil 100 personar. Her er det overnattingskapasitet til 56 personar.

Røisheim er ope frå mai til oktober. Unn deg ei ekte og eksklusiv oppleving i Jotunheimen. Velkomen!

Røisheim Hotel
N-2687 Bøverdalen
Tel: +47 61 21 20 31
Faks: +47 61 21 21 51
E-post: booking@roisheim.no
Internett: www.roisheim.no

Last updated: 02/12/2024

Source: Visit Jotunheimen AS

Røisheim hotell | Restaurant

Book

Nyligen besökta sidor