Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ce87e58a5b7ea9333aa
name: plugins_common_social_share (widget)

Nissedal

Røyrodden, Treungen

Ytterst på Røyrodden ved innsjøen Nisser finn du gravrøyser frå bronse-, eller jernalder.

Om turen:

Denne turstien går i eit åttetal. Den eine sløyfa går ned mot Nisser med fin badeplass, og opp på ein liten topp. Der kan du skrive namnet i turboka, og bli med i trekning av fine premiar frå Treungen IL.

Den andre sløyfa går opp i skogen til Årak-gardane. Her finn du blåbær og tyttebær, spor etter elg, rev, rådyr og tiur.

Tuftene etter to gamle husmannsplassar og gamle gravhaugar er spor etter farne tider. Oppe på toppen av Åraksåsen, er det fin utsikt mot Treungen.

Du kan velje å gå heile, eller delar av turen. Fine kvileplassar langs ruta.

På andre sida av riksvegen, går stien inn i ein lund, med nesten 1000 år gamle eiketre og 15 gravhaugar frå jernalderen. Denne gravplassen ligg ved ein av dei eldste gardane i Treungen, Årak.

Det er funne gamle spydspissar, hesteutstyr, vevskeier og forskjellig verktøy som er datert tilbake til vikingtida. Det er nesten så ein kan høyre suset frå larmen av gamle vikingar inne i den lune lunden.

Start: 1,7 km nord for Treungen. Parkering på sørsida av riksveg 41, ovanfor gardsvegen til Årak.

Kort rute (1,3 km): Frå P-plass bort til Røyrodden med gamle gravhaugar og opp på Røyråsen. Der finst det ei kasse med turbok som du kan skrive namnet ditt i. 
Lang rute (3,2 km): P-plass - Røyrodden - Røyråsen - Nordstokleiva - Årakseika - P-plass.

Last updated: 01/02/2024

Source: Vest Telemark

Røyrodden, Treungen

Nyligen besökta sidor