Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ce87e58a5b7ea9333aa
name: plugins_common_social_share (widget)

Lom

Raubergstulen | Ridetur til fjells

Book

På Raubergstulen kan du oppleve den vakre naturen under Galdhøpiggen frå hesteryggen.

Raubergstulen er eit perfekt utgangspunkt for å oppleve den vakre naturen under Galdhøpiggen frå hesteryggen.

Her kan du vere med på både fjellridning og tur-ridning, sjøl om du ikkje har rideerfaring. Islandshestane er gode tur-kameratar, dei er vant til tur-ridning og tek deg sikkert fram i terrenget. Dei yngste kan vere med på leieriding. Barn frå 8 år kan vere med på 2-3 timars rideturar. 

Her rir du i vakkert høgfjellslandskap - på skogsstier og -veger ved foten av Galdhøpiggen. Utsikta til dei høge toppane i Jotunheimen omkransar deg på alle kantar. Raubergstulen turisthytte ligg idyllisk langs Galdhøpiggvegen, ved foten av Galdhøpiggen, 1000 m.o.h. i Lom kommune. Her er naturopplevingar og aktivitetane i fjellet i fokus.

Informasjon om turane:
Alle som rir må bruke hjelm. Raubergstulen har hjelmar til utlån.  

På Raubergstulen rir dei stort sett i alt slags vær. Ta difor med gode og varme klede på kalde dagar.
Vêret forandrar seg fort, ta derfor med ekstra klede sjølv om det er fint når vi starter turen. Det kan og bli kaldt når ein sit roleg på ein hest.

Alle turene går i eit flott terreng på fine stigar, det er derfor moglegheit til å gå ved sida av om nokon ynskjer det.

På 2-timersturane og halvdagsturene blir det ei pause på turen, det er derfor mogleg å ta med seg niste og en kaffetermos om dykk ynskjer det. 

Timesturane går i nærområdet rundt Raubergstulen.
Leieturane går langs en grusveg, her kan dykk gå ved sidan av hesten medan nokon rir.

Last updated: 07/01/2022

Source: Visit Jotunheimen AS

Raubergstulen | Ridetur til fjells

Book

Nyligen besökta sidor