Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ce87e58a5b7ea9333aa
name: plugins_common_social_share (widget)

SVEIO

Rundtur til Ryvarden kulturfyr i Sveio

Ein rundtur på vakre bygdevegar til Ryvarden kulturfyr.

Ein rundtur på vakre bygdevegar til Ryvarden kulturfyr.

Start i Sveio sentrum. Ta av frå Sveiogata opp bakken mot høgre nokre hundre meter etter kyrkja. Ta til høgre på Tjernagelvegen og følg vegen ca 3 km til skilt til Eltravåg (obs! Dette stykket er det stadvis smal og svingete veg med ein del tungtrafikk). Ta til venstre mot Eltravåg og følg Skiftestadvegen ca 3,5 km fram til Rv 541 Gullvegen. Ta mot venstre i krysset. Ved Lyngholmsvegen kan ein ta ein kort avstikkar til minnestøtta over DS "Thor"s forlis i 1906. Turen går forbi Vandaskog og Mølstre, i Mølstrevåg tar du til høgre og følgjer skiltinga til Ryvarden. Dei siste 2,5 km ut til fyret går på grusveg i kupert terreng gjennom ope kystlandskap.

På Ryvarden er det ope galleri og kafe søndagar og dei fleste kvardagar i sommarsesongen. Om du ynskjer å overnatte kan ein leige fyrmeiserbustaden eller ei av Flòkehyttene. Turen tilbake til Sveio sentrum går på grusveg over Paddevegen. Sving tilbake mot venstre i Mølstrekrossen, og ta av inn på grusveg mot høgre ved gammalt gardstun. Når du kjem ut på Tjernagelvegen igjen, ta til høgre og etter omlag 200 meter til venstre inn mot sentrum og tilbake til utgangspunktet.

Last updated: 01/29/2024

Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Rundtur til Ryvarden kulturfyr i Sveio

Nyligen besökta sidor