Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ce87e58a5b7ea9333aa
name: plugins_common_social_share (widget)

SØRBØVÅG

Sørbøvåg Brygge - Fjordkick

Book

Sørbøvåg Brygge er ei flott gjestehamn med panoramautsikt over Åfjorden og majestetiske Lihesten.

Ved den vakre vestlandsbygda Sørbøvåg finn du Sørbøvåg Brygge med panoramautsikt over Åfjorden og majestetiske Lihesten. Her finn du betong flytebrygge/kai med fasilitetar som straum, vatn, wc, dusj, vaskemaskin og tørketrommel og trådlaust internett. Du har også tilgong til bensin, diesel og gass.

Ved Sørbøvåg finn du ein flott butikk med fiske- og båtutstyr, ferske bakevarer, apotek, post, tipping og rikstoto. Innan 100 meter finn du Norges beste biljardklubb, ballbane, badestrand, leikeområde, sandvolleyballbane, utandørs bordtennisbord, sittegruppe og grill. Du kan også leige sykkel, båt og hytter/rorbuer.

Sørbøvåg er eit glimrande utgangspunkt for fjellturar, båtturar, fiske, padling, bading, dykking og sykling. ​​​For meir informasjon og priser, sjå gjerne våre nettsider: fjordkick.no.

Last updated: 01/29/2024

Source: Visit FjordKysten

Sørbøvåg Brygge - Fjordkick

Book

Nyligen besökta sidor