Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ce87e58a5b7ea9333aa
name: plugins_common_social_share (widget)

Loen

Sande Camping

PlusCamp Sande Camping byr på overnatting i hytter og apartments, både enkle sommarhytter og velutstyrte høgstandardhytter for heilårsbruk. Magisk utsikt over Lovatnet og til Krunebreen.

Campingplass i Lodalen, med flott utsikt oppover Lovatnet. Hytter og apartments. Fine telt- og oppstillingsplassar direkte ved vatnet. Nyrenovert sanitæranlegg, med bla sauna, nytt kjøkken og opphaldsrom. Båt – og kanoutleige, gratis ørretfiske.Supert utgangspunkt for vandring, breturer og toppturer. Dei anbefalar spesielt tur på Skåla, Via Ferrata Loen - og pendelbana Loen Skylift til Hoven.I sanitæranlegget er det 2 sauna, ei for damer og ei for herrer. Etter ein lang fjelltur eller ein regnfull og kald dag er det godt å ta ei avslappande stund i saunaen. Eit tips er å ta ein liten springmarsj og ein kort dukkert i Lovatnet når kroppen er godt oppvarma. Sjå oppslag på campingen om kva tid saunaen er oppvarma. Kan også varmast opp utanom dei ordinære tidene på forespørsel.Gratis ørretfiske i Lovatnet og her er både båt og kanoutleige.

Last updated: 08/14/2023

Source: Nordfjord

Sande Camping

Nyligen besökta sidor