Stranda

Skarbø Gard

  • Bli med på gardsbesøk
  • Skarbø Gardsbutikk sider med lokale råvarer
  • Skarbø Gard
  • Smak ein av dei gode ostane
  • Ost med tilbehør
  • Skarbø Gardsbutikk interiør
  • Eit utvalg frå gardsbutikken
  • Frå eplehagen
  • i hagen på Skarbø Gard
  • Epler er gode råvarer
  • Se vår Facebook

  • Skicka email

  • +47 90781881

  • Bygdavegen 335

    Stranda, Møre og Romsdal

    Visa på kartan

På Skarbø får du herlege smaksopplevingar – ost og sider laga med kjærleik av råvarer frå landskapet rundt deg.

Med den gode, ferske mjølka frå kyrne på Skarbø, vert det ysta smakfulle, prisvinnande ostar. Mjølka er upasteurisert, og osten får dermed ein heilt unik aroma som speglar den frodige naturen. Sideren og eplemosten vert laga av saftige eple frå eigen frukthage og hagane til kjekke naboar. Den friske og perlande drikken har hausta lovord frå mange hald. Vil du smake? Velkomen til gardsbutikken, som du finn i kjellaren på våningshuset i tunet. Ost frå Skarbø Gard kan du også finne på sommarbutikken på Skinkerådhuset i Stranda sentrum. Ynskjer du å prøve sidrane kombinert med dei beste skinkene og ostane frå Stranda, kan du vere med på sidersmaking med Strandatapas kvar onsdag og fredag kveld heile sommaren på Skinkerådhuset. Elles kan Skarbø Gard ta imot grupper til omvising, smaking og servering etter avtale. ... ,Sidersmaking med Strandatapas, ,Sommarbutikk med lokalmat frå Stranda, ,Gardsbutikken

Källa: Ålesund & Sunnmøre