Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ce87e58a5b7ea9333aa
name: plugins_common_social_share (widget)

Rubbestadneset

Skjergardsturen 138 km

Sykkeltur i variert kystlandskap langs asfaltert veg med høvesvis liten biltrafikk. Skjergardsturen har ein ferjetur, og du kan også kombinere med snøggbåt!

Skjergardsturen er ein rundtur på sykkel, som er 138 km lang. Den er innom desse plassane: Mosterhamn/Rubbestadneset – Brandasund – Leirvik – Fitjar – Bekkjarvik – Hufthamar. Ruta går i eit variert kystlandskap langs asfaltert veg med høvesvis liten biltrafikk. Skjergardsturen har ein ferjetur (mellom Sandvikvåg kai, Fitjar og Husavik kai i Austevoll). Om du ynskjer kan du kombinere med snøggbåten mellom rutene. Sjå Skyss sine nettsider på Sunnhordlandsruta for å planleggje turen og kombinere med snøggbåt.

Start/mål

Skjergardsturen har start i Mosterhamn eller på Rubbestadneset på Bømlo. Den avsluttast på Hufthamar/Austevoll.

Hurtigbåt går innom både Rubbestadneset og Hufthamar, samt Bergen om du ynskjer å ha Bergen som start/stoppestad. For rutetabell sjå Sunnhordlandsruta på Skyss sine nettsider.

 
Ruta er lettsykla. Passar ikkje for mindre barn på eigen sykkel.

Skilting

Ruta er ikkje skilta med sykkelskilt.

Ruteskildring

Turen er på 138 km og passar godt å ta over 3-5 dagar.

Mosterhamn – Rubbestadneset 25 km

Før du startar turen i Mosterhamn, ta gjerne ein tur til kultur- og opplevingssenteret Moster Amfi. Her kan du også sjå Moster gamle kyrkje, ei av dei eldste steinkyrkjene i landet. I Moster finst også ei kulturløype, som er vel verd å få med seg.

Om du kjem til Mosterhamn, følg rv 542 nordover Mostravegen, gangsti einskilde strekningar. Ved Stokkajuvet tunnel er det eit godt alternativ utanom. Følg skilting mot Rubbestadneset.

Rubbestadneset – Brandasund – Svortland ca 40 km

Frå Rubbestadneset til Brandasund er det 22 km. Ruta går 3 km tilbake langs vegen frå Rubbestadneset, deretter tvers over øya til Svortland/Bremnes. Fylkesvegen nordover til Brandasund er variert og morosam å sykle, smal og kupert i enkelte parti. Vegen går over fleire øyer med bruer mellom og det er god sikt utover skjergarden. Den idylliske gamle gjestgjevarstaden Brandasund heilt ute i havgapet har butikk og serveringsstad. Retur same vegen til kommunesenteret Svortland/Bremnes. Avstikkar kan takast til Hiskjo – vestnorsk kystlandskap på sitt barskaste og mest sjarmerande.


Svortland – Leirvik 37 km

Frå Svortland ta sydover mot Mælandsvåg og Sakseid (11 km). Vegen er smal og svingete og ein del kupert, men flott for sykling. Etter Sakseid austover mot Håvik (6 km) og Trekantsambandet. Trekantsambandet har gode sykkelvegar over bruene, og er ei turoppleving i seg sjølv. Ved Heiane næringsområde følg sykkelskilting nr.1 mot Leirvik sentrum.


Leirvik – Fitjar ca 30 km

Frå Leirvik følg sykkelskilting (nasjonal sykkelveg nr. 1) til Heiane og Fitjar. I Sagvåg kan du ta av til Litlabø og vitja eit tidligare gruvesamfunn for utvinning av svovelkis, no museum. Etter Sagvåg er resten av denne strekninga meir kupert. Ved Storavatnet i Fitjar går ruta på vestsida av vatnet, småkupert og med flott utsikt vestover. I nordenden av vatnet er ein fin badeplass med toalett. Følg sykkelskilting (nr. 1) mot Fitjar/Bergen til Fitjar sentrum.

Fitjar – Bekkjarvik – Hufthamar 31 km

Frå Fitjar sentrum til ferjeleiet Sandvikvåg er det 7 km. Ferja til Husavik tek 20 minutt. Følg skilting til venstre mot Bekkjarvik. Bekkjarvik er ein idyllisk gamal handelsstad der det er fint å ta seg ein rast – eventuelt overnatte. Frå Bekkjarvik kan du ta ein avstikkar, og sykla over Selbjørn, og over bruene til Stolmen og Kvalvåg.

Nordover til Storebø følg rv. 546 på vestsida av Huftarøy. Kommunesenteret Storebø har servicefunksjonar. Frå Hufthamar kan du ta ein avstikkar til Austevollshella og sykle heilt vest på øya til Store Kalsøy og Kalve. Alternativt avslutte turen og ta hurtigbåten til Bergen.

Last updated: 01/29/2024

Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Skjergardsturen 138 km

Nyligen besökta sidor