Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ce87e58a5b7ea9333aa
name: plugins_common_social_share (widget)

Hellesylt

TripAdvisor rating of 5

47

Skredkurs Sunnmøre

Skredkurs der du lærer av en lokalkjent norsk instruktør å ferdas trygt i fjellet.

Dette er kurset for deg som vil lære om snøskred og ferdsel i vinterfjellet. Kurset går over to dager og ein får ei god innføring i dei viktigaste tinga ein må vite om skred og redning. Det er både teoretisk og praktisk, med vekt på den praktiske biten. Kurset foregår i Sunnmørsalpane fra vår base på Hellesylt. Vi er ute på tur kvar dag, så det er også gode muligheter for god skikøyring og spektakulær utsikt. 

Dette kurset passer for deg som ønsker å lære og forstå snøskred og korleis ein skal håndtere dette på tur. Du bør ha gått på topptur før, og det passer både for deg som vil ha oppfrisking og deg som er relativt fersk. Er du derimot heilt fersk anbefaler vi at du sjekker ut våre toppturkurs.

Den første dagen møtes vi på Fjord Nature basecamp Hellesylt klokka 10.00. Her blir det ei rask teoriøkt før vi kjem oss ut på tur. Turen går i enkelt terreng der vi har har overskudd til å gjennomføre øvelser og læring. Vi legg opp til lunsj midt på dagen. Vi avsluttar ute denne dagen, ca kl 16.00.

Den andre dagen starter vi også dagen innendørs på Fjord Nature basecamp Hellesylt klokka 10.00. Det blir ei teoriøkt før vi går ut på dagens topptur. I dag blir det meir praktisk med at vi gjennomfører ein topptur samtidig som vi går gjennom prinsippa vi lærte i går. Her får alle trent seg i praksis, og det blir mulighet for å trene seg på å være den som går først og tar avgjørelse for sporvalg når vi går. Vi har lunsj ute på tur og er ferdig rundt klokka 16.00. Etter dette blir det ei kort samling på Fjord Nature basecamp før vi takker for eit flott kurs. 

Hellesylt ligg i Sunnmørsalpane ved enden av Geirangerfjorden. Dette er eit perfekt utgangspunkt for topptur på ski, da ein både har tilgang til dei bratte tindane rundt Hjørundfjorden, pudderkjøring på Stranda og litt snillere terreng i Hornindal. Alt innen 30 minutt med køyring. På Hellesylt har vi ein basecamp som er eit perfekt utgangspunkt for våre kurs og turar. Her kan ein tilpasse utstyr, ha teori eller slappe av med ein kopp kaffe. 

 

Dette lærer du

-Bruk av skredvarselet VARSOM.no retta mot topptur

-Gjenkjenne faresignal for snøskred ute på tur

-Trygge sporvalg

-Bruk av sender/mottaker, spade og søkestang (dette kan leiest)

-Valg av sikker tur

-Finne den beste snøen

-Metrologi

-Og garantert mykje meir

 

 

 

 

 

 

Last updated: 01/29/2024

Source: Ålesund & Sunnmøre

Skredkurs Sunnmøre

Nyligen besökta sidor