Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Fjord Norway Vestland BREMANGER

Smørhamn Handelsstad

  • Smørhamnsvegen 1114 , Kalvåg
  •  /  km From You
Overview
Details

Historie gjennom 400 år. Ferie i unikt miljø. Det osar av historie i Smørhamn. Kong Christian V var her i 1685. Kong Fredrik IV overnatta med sitt følgje i 1704. Kong Christian VI var her i 1733, saman med dronning Sophia Magdalena. Dagens kongeskip har ankra opp rett ved oss fleire år på rad – så vi venter berre på at dei kongelege skal kome innom på besøk? Fiskeri, jektefart, brennevinshandel og tingmøter er berre noko av historia opp gjennom tidene. Då som no var det gjestgjevarar i Smørhamn. Her var det plass til alle – både kongar og lekmenn. Du er såleis i godt selskap når du gjester Smørhamn! Du er tett på naturen i Smørhamn. Kong Fredrik IV skreiv i dagboka si at «lam beita på taket». I dag finn du sauer og lam på beitet like ved!

Javisst er det godt å vere i Smørhamn
Ta med heile familien, vener eller kollegaer.
Vi har plass til frå 16 – 25 pers. fordelt i 5 leilegheiter. Her har de tid og mulegheit for å ta del i dei gode opplevingane.
Du kan hente fersk fisk, rett i gryta, frå båt eller brygge, eller vere med å fiske krabbe til festmåltidet.

Ta turen på fjellet like i nærleiken, eller besøke sauer i skjergarden. Kan du dykke er det fine forhold til det. Båtar med påhengs(15 fot m/9,9 hk – 15 hk) kan leigast. Robåt er og muleg å prøve.

Skal du feire noko, har vi og lokaler til små og store grupper (20 – 80 pers.) Du kan ta med festmat sjølv, eller bestille utanfrå.
Smørhamn ligg 5 min. i bil frå Kalvåg, med butikk, restaurant og mange andre gode tilbod.

Leilegheitene
Vi tilbyr 5 godt utstyrte bueiningar med plass til 2-6 personar. Alle leilegheitene har kjøkkenkrok m/kjøleskap/frys, oppvaskmaskin og komfyr.
Kvar leilegheit har eige bad m/dusj og dobbel sovesofa i alle stovene.
God lydisolering mellom bueiningane.

Aktiv ferie i fredelege rammer
Godt merka turløyper i nærområdet, du vel den utfordringa som passar deg: Dåsabu, Veten, Smalerabben, Hornelen, Vetvika og mange andre merka turar. Ein fin sommardag vil vi anbefale deg å ta ein tur på Grotlesanden som kun ligg ca 20 min unna med bil. Er veret mindre innbydande kan Kalvåg by på Carolas buaspa – med innandørs sandstrand. Eller du kan ta ein tur til Hjortegarden i Ålfoten. Vi tek og gjerne gjester med på ei omvisning for å fortelje historia om Smørhamn Handelsstad. I den største sjøbuda har vi og ei utstilling.


  • Last Updated:
  • Source: Nordfjord

Generelt

Landskap
  • Kustområde
  • Fjordområde

Planera din resa

Servicios
  • Husdjur tillåtna
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with TripAdvisor
Your Recently Viewed Pages