Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ce87e58a5b7ea9333aa
name: plugins_common_social_share (widget)

Sogndal

Sogndal Skisenter - Hodlekve

Book

"You can't buy happiness, but you can buy a ski pass" Sogndal Skisenter er naturlig best på laussnø, eller pudder som de sier i byene.

Puddersnø i verdstoppen!

Sogndal Skisenter - Hodlekve er naturleg best på laussnø, eller pudder som dei seier i byane.

Fløyelspreparerte bakkar, laussnø i skogen, fjelløyper for fjellski og langrenn. Barnebakkar, 5 skitrekk.

Med si geografiske plassering får skisenteret nedbør fra vest, og temperatur frå innlandet, slik får ein verdas beste snø, fleire meter med verdas beste snø.

Eit av dei absolutt mest snøsikre skianlegga i Noreg, basert på kun natursnø!

Hodleke er verdskjendt for puddersnøen, på linje med både Japan og Canada!

Den heisbaserte frikøyringa er også legendarisk og heilt i landstoppen.

Skianlegget har til no 5 skitrekk med ei fallhøgd på 500 meter. Med fleire nye nedfartar er Hodlekve blitt ein favoritt  også blant familiar. Her finn ein bratte heng og utfordrande terreng. Her finn ein også slake løyper med under 10% helling.

Skisenteret er det største i regionen og har ei ny stor satsing mot familiemarknaden, med familievenlege slake og breie oversiktelege skiløyper. Så her er noko for absolutt alle!

Hodlekveskogen er kanskje landets råaste frikøyringsområde. Ein enorm bratt fjellside med mykje å ta av. Gå mot Teigafjellet frå toppheisen fram til det begynner å gå nedover igjen. Her får du 600 meter førsteklasses frikøyring ned til bilvegen. Frå bilvegen kjem pudderbussen og plukkar deg opp - Pudderbussen kostar 70 kroner. 

Antall heisar: 5

Antall nedfartar: 6

Lengste nedfart: 1100 meter

Høgdeforskjell: 430 meter

Kvar: Ca 15 min køyring frå Sogndal Sentrum

Barn

Me legg og vekt på å legge tilrette for barnefamilier. Me har to barneheiser med litt ulik hellingsgrad.   

Heiskort

Kjøp heiskort online Barn 0-6 år er gratis. 

Transport

Skibussen gjer come back! Kvar laurdag og søndag fram til påske går det skibuss frå Helgheim (Sogndal Folkehøgskule) til Rindabotn. Rutetider: Helgheim 09:55, Sogndal skysstasjon 10:00, busstopp ved Elvatunet 10:05, Ingafossen 10:08 – og så strake vegen til Rindabotn. Retur frå Rindabotn klokka 16:00. God busstur!

Eit anna tilbod er Laussnøekspressen, eit tilbod vi har i helgar og ferieveker. Laussnøekspressen plukkar opp dei som ønskjer å køyre i skogen ned mot riksveg 5. Laussnøen i Sogndalsdalen er etterkvart verdskjent! Med utgangspunkt i ski-anlegget er det også flotte langrenns- og lysløyper som vert preparert kvar dag. Likeins preparerte løyper til fjells. I området finn du også fleire fantastiske toppturar, bl.a. klassikarar som Blåfjell, Togga, Sogndalseggi, Frudalshesten m.fleire."

Dalalåven

Servicebygget Dalalåven tilbyr cafe, skiutleige, sportsbutikk, sal av skipass, toalett, møterom og leikerom for dei minste. 

Parkering

Det er ein stor parkeringsplass ved Rindabotn og ved Sogndal Skisenter Hodlekve. Pris er 60 kroner kvar gang. Last ned Easypark appen og skriv inn koden 6925. 

Overnatting

I Sogndal Skisenter Hodlekve finst det fleire hytter i ulik storleik og priskategori du kan leige til ditt draumeopphold. 

Viss du ynskjer å bu på hotell kun 15. minutt køyring frå Sogndal Skisenter så kan du booke din overnatting på Quality Hotel Sogndal eller Best Western Lægreid Hotel

Bestill din skipakke her med overnatting på Quality Hotel Sogndal og Sognapass

Last updated: 02/29/2024

Source: Visit Sognefjord AS

Sogndal Skisenter - Hodlekve

Book

Nyligen besökta sidor