Sognefjellet Sommarskisenter
Topp treningsforhold med velpreparerte løyper i vakker og storslagen natur ! Velkommen til Sognefjellet Sommarskisenter.
Vegen er Nord-Europas høgastliggande fjellovergang og går gjennom noko av den vakraste og mest storslagne naturen vi har i Noreg. Løypene ligg over 1400 m.o.h. - ein ideell høgde for profesjonell langrennstrening.
Veret kan vera flott med sol frå skyfri himmel, men det kan også verta snøfall og storm. Dei gode tilhøva for skitrening har i dei siste åra fått mange topputøvarar i ymse greiner til å leggja sommarskitreninga til Sognefjellet.
Sesong:
Sognefjellet Sommerskisenter tilbyr langrennsløyper frå midten av mai til juli/august. Området og forholda blir ansett som meget gunstig for sommartrening. Traseene varierer i forhold til tid på sommaren og snømengde.
Bredden på sporet er 3 meter og løypene er 5-15 km, alt etter vær- og snøforhold. Det blir lagt opp til to økter kvar dag.
Det best forhold for fristil om morgonen, her gjer me løypepreparering i hovedsak kvelden før. Ca kl. 15.30 køyrer me klassisk spor for ettermiddagstrening.
Kontakt
Overnatting
Källa: Visit Sognefjord AS
Sognefjellet Sommarskisenter