Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ce87e58a5b7ea9333aa
name: plugins_common_social_share (widget)
Stavang

Stavang Rorbuer

Boka

Leig rorbuer i eitt koselig sjøhusmiljø. Stavang ligg omkransa av vakre øygrupper, med gode solforhald og med ein fantastisk sjøutsikt, sør for byen Florø

Rorbuene i Stavang fortel historier frå fleire hundre år med yrande folkeliv ved kaia på Flyten. Her hadde fiskarbøndene både rorbu, saltebu, notbu og sjark.

Rorbuene er no renoverte i nordisk stil, lyst og smakfullt innreia med eksklusiv og høg standard. Kring alle husa er det kai og brygge, sitjeplassar med storslått sjøutsikt, båtar til leige og praktiske sløyeplassar om fiskelukka står deg bi.

Kvar ligg Stavang Rorbuer?

Stavang ligg sør for den sjarmerande kystbyen Florø, omringa av ein vakker skjergard.

Med bil: bilveg frå Florø: 45 minutt | Bilveg frå Førde: 45 minutt

Skyssbåt: Florø | Veiesund | Askrova | Stavang | Svanøy

Eigen båt: gjestebrygge

Fasilitetar i og rundt Stavang

Stavang Rorbuer er eit ferieidyll som har ideelle forhald for å kombinere ein vellykka fiskeferie med spanande turar. Her er det badestrender og gode forhald for kajakk og SUP brett. Du finn fleire gode turmoglegheiter både til fjellturar, med spektakulære utsiktar langt til havs. Det er og mange koselige lokalvegar og stiar i nærmiljøet. Stavang er perfekt for sykkelturar. Rett i nærheita finn du helleristningsfeltet Ausevika - eitt av dei største helleristningsfelta i Norge, godt tilrettelagt med turstiar og informasjon. 

I Stavang finn du lokalbutikk med godt utval. Her er og bensin og dieselpumper. 

Stavang Rorbuer tilbyr utleige av ein båtar.

 

Källa: Visit FjordKysten

0

Stavang Rorbuer

Boka

Nyligen besökta sidor