Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ce87e58a5b7ea9333aa
name: plugins_common_social_share (widget)

Briksdalsbre

Steinalderhola | Melkevoll Bretun

Like ved resepsjonen på Melkevoll Bretun ligg ei stor steinur. Under nokre kjempeblokker er det frå naturen si side skapt eit stort rom som etter kvart har fått namnet "Steinalderhola". Vinteren 2001 vart det utført eit omfattande arbeid inne i hola slik at den i dag har over 50 sitjeplassar.

Vi tilbyr servering til grupper. Du kan velje mellom ulike gryterettar med svine- eller viltkjøt. Eller vi kan servere spanande retter frå Norsk Gardsmat. Vi lovar god stemning rundt eit sprakande bål.

Ein 800 tonn tung stein dannar tak over hola. To andre store steinar utgjer det meste av veggane inne. Mellom dei store steinane er det mura veggar og trapper etter kopi frå ein steinalderbustad. I midten er det stor bålplass.

Under arbeidet inne i hola kom det for dagen ein del trerestar. Etter samråd med professor Atle Nesje, Universitetet i Bergen, vart ei prøve send til analyse ved eit laboratorium i USA. Det viste seg at treet var 5.940 år gammalt! Dette fortel oss at den store steinurda raste ut for omlag 6.000 år sidan. Tre og busker som vaks i fjellsida, vart rivne med i raset og har lege tørt i Steinalderhola sidan.

Vi ynskjer deg velkomen til å nyte "steinalderlivet".

For ein rimeleg pris kan du også overnatte i hola. Her er omlag 25 overnattingsplassar.

Last updated: 02/17/2024

Source: Nordfjord

Steinalderhola | Melkevoll Bretun

Nyligen besökta sidor