Hardbakke
Stormwatching Solund
All Year
Autumn
Easy
Spring
Winter
Boat trips
Glacier hiking
Hiking
Kayaking
Kayaking
Family friendly
Free wifi
Guest parking
Parking
Opplev det røffe kystklimaet med komfortabel overnatting på Solund leilighetshotell.
November til februar er ofte ei stormfull oppleving, kombinert med eit fantastisk vinterlys, noko som byr på spektakulære naturopplevingar.
På Solund leilighetshotell kan du få ein avslappande pause frå ein hektisk kvardag. Her kan du nyte god mat, vandre i eit vakkert kystlandskap og oppleve stormane frå nært hald.
Stormwatching SolundStormpakken i Solund inkluderar ein guida stormtur der du får oppleve stormen frå nært hald, øyhopping med den lokale postbåten, måltid og overnatting.
Om hotelletSolund leilighetshotell ligg i sentrum av Hardbakke i Solund. Her finn du 11 flotte leiligheter med eige kjøkken, spisesal og stovedel. Alle leilighetene har eige bad med dusj, TV, og fri tilgang til trådlaust internett.
Kort veg til gode opplevingarFrå Solund leilighetshotell har du kort veg til det meste av aktivitetar og tilbod. I øyriket Solund finn du 1700 øyar, holmar og skjer. Bli med på kajakkpadling i skjergarden, sykle i eit spektakulært landskap, opplev øyhopping med den lokale postbåten, eller reis på fyrsafari til det vestlegaste fyret i landet - Utvær fyr.
Last updated: 02/08/2024
Source: Visit FjordKysten
Stormwatching Solund