Hjelledalen
Stryn Sommerski
Stryn Sommerski gjev deg ei anleis sommaroppleving i imponerande Vestlandsnatur. Stryn Sommerski passar for alle som ynskjer ei skioppleving om sommaren enten du er ein barnefamilie, ynskjer å køyre terrengpark eller frikøyring. Strynefjellet er staden for off piste, og kan by på mange gode toppturmoglegheiter.
Stryn Sommerski finn du på Strynefjellet, 45 km aust for Stryn sentrum. Skisenteret ligg langs fylkesveg 258 - kjent som Gamle Strynefjellsveg og er nasjonal turistveg. Vegen er vanlegvis vinterstengt frå medio oktober til slutten av mai. Stryn Sommerski opnar så snart vegen er rydda for snø, og har ope så lenge snøen ligg i anlegget.
Frå basen på 1080 moh tek ein stolheis deg opp til 1300 moh. Ein har også catski som ekstern tilbod, det vil seie at du kan bli dratt opp på 1850 m.o.h for så å køyre ned igjen på ski. På toppen får ein følelsen av å vere på Norges tak med utsikt over bre, høge fjell og djupe fjordar. Her er det berre å nyte mjuke svingar i preparerte bakkar, tørr pudder eller slush-aktig sommarsnø.
Antal heisar: 1 stolheis. Ekstern tilbod: Catski.
Gode parkeringsmuligheter
Kafeteria med godt utval av kalde og varme rettar, øl og vin
Skishop med skiutleige og skiservice.

The ski center plan to open from 1 st of June
Källa: Nordfjord
Stryn Sommerski