




Måløyraidsenteret er eit krigshistorisk kunnskapssenter som fortel den dramatiske historia om den første allierte fullskalaoperasjonen under andre verdskrigen.
Måløyraidsenteret tilbyr audioguide på seks språk: norsk, engelsk, tysk, fransk, spansk og italiensk.
Senteret har seks krigshistoriske utstillingar. Her finn du personlege forteljingar, storpolitikk, mot, militære strategiar, medmenneskelegheit, lokalhistorie, uthald, overraskande heltehistorier, rørande gjensyn og mykje meir.
Måløyraidsenteret vart tildelt Kinn kommune sin byggeskikkpris i 2020, og sjølve bygningen er ein viktig del av opplevinga. Sjå opp – fasadevindauga er ein del av utstillinga. Velkomen til unik og levande krigshistorie i Måløy.
Tidleg morgon, 27. desember 1941 vart julefreden broten med eit brak. I løpet av 10 minutt fell over 560 engelske bomber over Måløy. Dei neste seks timane er det full krig; flybomber, gatekampar og skyting frå krigsskip. Gjennom det øyredøvande bråket; lyden av ei lys sekkepipe.
Originale bilete frå raidet og metervis med original film blir vist i ei levande utstilling som har rørt tusenvis av besøkande. Utstillinga viser og originale uniformer, sekkepipa til Mad Jack og Martin Linge´s pistol, og du kan kjenne lukta av julebakst og eksplosjoner.
I tillegg til utstillingen om Måløyraidet er det utstillingar om Martin Linge, Kompani Linge og om den vågale Shetlandsfarten.
Det var kun én norsk soldat som falt under Måløyraidet, og det var Kaptein Martin Linge, leder for Norwegian Independent Company No 1, senere kjent som Kompani Linge. Martin Linge var skuespiller, samfunnsengasjert og reiselysten. Hans tilstedeværelse og handlekraft i krigens første dager tok han til London. Der var han et bindeledd mellom de allierte og nordmenn som ville gjøre en krigsinnsats. Han fant også kjærligheten på nytt i en trappeoppgang under et bomberaid i London.
Senteret ligg sentralt plassert midt i Måløy sentrum med parkering på torget og gode kaféar i umiddelbar nærleik.
Opningstider 2026:
JULI
Onsdag 1. - fredag 31. juli
Alle dagar kl. 10.00 - 17.00
AUGUST
Lørdag 1. - fredag 21. august
Mandag 24. - fredag 28. august
Mandag 31. august
Alle dagar kl. 10.00 - 16.00
SEPTEMBER:
Tirsdag 1. - fredag 4. september
Torsdag 10. - fredag 11. september
Mandag 14. september
Torsdag 17. - fredag 18. september
Mandag 21. september
Onsdag 23. - fredag 25. september
Tirsdag 29. september
Alle dagar kl. 10.00 - 16.00
OKTOBER:
Lørdag 3. oktober
Onsdag 7. - fredag 9. oktober
Tirsdag 13. - fredag 16. oktober
Onsdag 28. oktober
Alle dagar kl. 10.00 - 16.00
DESEMBER:
Fredag 18. desember
Søndag 27. desember (Måløyraidet 3. juledag 1941)
Alle dagar kl. 10.00 - 16.00
Andre tidspunkt: opent for grupper etter avtale. Ta gjerne kontakt på telefon +47 948 16 904 for meir informasjon.
Källa: Nordfjord