Sogndal

Togga Topptur Sogndal

  • Togga, Sogndal
  • Se vår Facebook

  • Parkering ved Gunvordal

    Sogndal, Vestland

    Visa på kartan

Togga har ei stor nordside med terrengformasjonar som innbyr til vårskikøyring.

Topptur Togga 1205 moh / Sogndal



Turen opp frå Frudalen går opp nord ryggen. Frå Togga 1205 moh er det fint å følgje ryggen vestover til høgde 1340 moh eller Nystølsfjellet. Det er mest vanleg å gå på Togga frå Gunvordal.



Opp til Togga



Frå ras vollen ved riksvegen følgjer ein slakaste terrenget opp på nordaustryggen til Togga 1205 moh. Det er ein smal, bratt og eksponert passasje langs ryggen mellom 920–960 moh. Alternativ opptur er 13.1 søraustryggen på Togga.



Ned frå Togga



Ned nordaustryggen frå Togga 1205 moh E2, V



Nordaustryggen er ein av fleire ned fartar frå Togga 1205 moh. Denne varianten vert oftast nytta mot slutten av sesongen. Skikøyringa ned til Frudalen er fin. Følg nordaustryggen ned til Skredene og vidare ned til riksvegen.





Fakta:



Tid opp/ned:



3 – 6 timar



Sesong:



desember – mai



Farar:



Skred, utgliding og klippe. Terrenget aust for Skredene har mykje klipper.



Lengde ned køyring:



705 høgdemeter og 2,4 kilometer



Brattaste punkt:



36-38 grader i 40 høgdemeter (960-920 moh) og 32-34 grader i 600 høgdemeter (1200-600 moh).



Tips: Det kan vere behov for isøks og stegjern eller skarejern.



Tips: Turen er ei kort og direkte linje, med mykje køyring frå Togga. Snøen held seg ofte lenger i nordsida og kan vere fin mot slutten av sesongen.



Vanskegrad: Vanskeleg. 30-35 gradar flankar, vedvarande eller korte parti på 35-40 gradar. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan ha påverka grada. Utgliding er sannsynleg. Terrenget har nokre brattare parti kor ein kan skli etter fall. Det kan også være stein, hamrar eller tett skog som kan utgjere ein risiko. Om snøen er hard kan oppturen krevje skarejarn eller at ein går på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere ein betydeleg risiko.





Kjelde: Friflyt.no




Källa: Visit Sognefjord AS