Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ce87e58a5b7ea9333aa
name: plugins_common_social_share (widget)

Aurland

Trugetur ved Stegastein Utsiktspunkt

Book

Turen byrjar med ein køyretur i minibuss langs Aurlandsfjorden og opp til det fantastiske utsiktspunktet Stegastein, 650 meter over havet.

Guida trugetur over Stegastein Utsiktspunkt i Aurland

Undervegs fortel guiden om livet på fjellgardane som ein vil sjå langs vegen opp mot Stegastein, og ein ser plassar der ingen skulle tru at nokon kunne bu. 

Vel framme gjer ein seg klar for trugetur. Ein får ei innføring i korleis gå på truger, og ein får høyre om historia bak trugene. Undervegs fortel guiden om den dramatiske naturen, vinteren ved fjorden, og om den særeigne kulturen i området. Ein passerar utsiktspunkt der ein kan sjå fjorden mot den vesle bygda Undredal, innover til Flåm og alle dei høge fjelltoppane som omkransar den djupe Aurlandsfjorden under oss.

Ved vendepunktet på turen får ein servert noko varmt å drikke, og ein får moglegheit til å nyta den unike stillheita i naturen.

Turen på truger tek om lag 1-1,5 timar som byr på mange muligeheiter til å sjå fjorden og dei små bygdene. Før ein køyrer tilbake til Flåm, blir det eit stopp ved utkikkspunktet Stegastein. Der blir tid til å ta bilete og nyte den storslegne utsikta over fjordlandskapet.


Viktig informasjon

Frå 6 år og oppover. 

Varigheit: 2,5 - 3 timar

Turen må bookes før kl. 22.00 kvelden før

Sesong: 26 desember - Mars

Online Booking: www.fjordsafari.com

Last updated: 03/13/2024

Source: Visit Sognefjord AS

Trugetur ved Stegastein Utsiktspunkt

Book

Nyligen besökta sidor