Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ce87e58a5b7ea9333aa
name: plugins_common_social_share (widget)

Høylandsbygd

Tursti til Ramnakulten

Ta deg god tid på denne turen. Her er det fleire kulturminne underveg.

Stad

Halsnøy, Høylandsbygd

Turkart

Fritidskartet Halsnøy/Fjelberg, målestokk 1:20.000.

Start- og sluttpunkt

P-plass på Berhaug, til venstre for hovudvegen til Mjelkevik

Parkering

Køyr gjennom rundkøyringa på Tofte og ta av mot Høylandsbygd. Følg hovudvegen forbi Høylandsbygd mot Mjelkevik. Om lag 200 meter etter oppkøyringa til Hauge skule, ta til venstre ved P-skilt for Radiohola og parker der.

OBS: Gjer vel og parker slik at gardsvegen er framkomeleg for traktor.

Merking

Informasjonstavle ved P-plassen. Skilta og T-merka.

Gradering

Blå. Moderat fottur, to støvlar etter DNT-systemet.

Høgdeskilnad

20 - 291 moh. til Ramnakulten

Tidsbruk

2 timar t/r Ramnakulten. 3 timar dersom rundløype om Jamburfjell.

Gode råd

Ein del blaute parti, bruk eigna sko. Fleire kulturminne undervegs, gi deg god tid.

Turomtale

Gå over hovudvegen frå P-plassen og følg skilting mot Radiohola. Ta til venstre under kraftlina 200 meter før Radiohola. I stidelet mot Jamburfjell tek ein til venstre 500 meter sørover til Ramnakulten. Dersom ein vil forlengja turen og gjera den til ein rundtur, kan ein frå Ramnakulten gå tilbake 500 meter til stidelet og så 500 m til Jamburfjell. Ned til til P-plassen kan ein gå via Radiohola eller Hauge. Sjå også omtale for Jamburfjell.

Last updated: 01/29/2024

Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Tursti til Ramnakulten

Nyligen besökta sidor