Varaldsøy
1
Tursti til Varden på Varaldsøy

Forest area
Medium
Marked trails
Short hikes (1-4 hours)
Fakta
Svårighetsgrad: Medium
Tidslängd: 3 timer
Landskap: Skog
Stad Varaldsøy. Turkart Norge 1 : 50 000 blad 1215 ll Varaldsøy. Folgefonna nasjonalpark. Folgefonna – Hardangerfjorden. Start- og sluttpunkt Øvsthus, Fjellgardane. Parkering Frå ferjekaien på Varaldsøy følg hovudvegen mot Haukanes 4 km til vegkryss før nedkjøring mot fjorden. Herfrå 0,5 km opp til Øvsthus, der det er mogeleg å parkera ved garden. Gjer vel og parker slik at gardsarbeidet ikkje vert hindra og at vegen er framkomeleg for traktor. Avtal gjerne med folk på staden. Merking Informasjonstavle ved start. T-merka og skilta. Gradering Blå. Moderat fottur, to støvlar etter DNT-systemet. Høgdeskilnad 240 – 600 moh. Tidsbruk 3 timar t/r. Gode råd Skogsstien kan vera noko myrlendt, bruk høvelege sko. Ta omsyn til dyr på beite og hald grindane lukka. Turomtale Første del av turen går i nordleg retning på skogsveg opp bakkane. Frå skogsvegen kjem ein inn på stien til Varden ved skilt mot høgre. Stien vidare går i furuskog opp til 400 moh. og etter det i meir ope terreng. Frå Varden er det godt utsyn både utover fjorden mot Sveio, og innover til Granvin. Herifrå ser ein også kvinnhersfjella i nytt perspektiv; Melderskin, Gygrastolen og Juklavasskruna med Folgefonna i bakgrunnen gjer inntrykk på dei fleste. På klåre dagar kan ein sjå like til havs.
Stad
Varaldsøy.
Turkart
Norge 1 : 50 000 blad 1215 ll Varaldsøy.
Folgefonna nasjonalpark.
Folgefonna – Hardangerfjorden.
Start- og sluttpunkt
Øvsthus, Fjellgardane.
Parkering
Frå ferjekaien på Varaldsøy følg hovudvegen mot Haukanes 4 km til vegkryss før nedkjøring mot fjorden. Herfrå 0,5 km opp til Øvsthus, der det er mogeleg å parkera ved garden. Gjer vel og parker slik at gardsarbeidet ikkje vert hindra og at vegen er framkomeleg for traktor. Avtal gjerne med folk på staden.
Merking
Informasjonstavle ved start.
T-merka og skilta.
Gradering
Blå. Moderat fottur, to støvlar etter DNT-systemet.
Høgdeskilnad
240 – 600 moh.
Tidsbruk
3 timar t/r.
Gode råd
Skogsstien kan vera noko myrlendt, bruk høvelege sko.
Ta omsyn til dyr på beite og hald grindane lukka.
Turomtale
Første del av turen går i nordleg retning på skogsveg opp bakkane. Frå skogsvegen kjem ein inn på stien til Varden ved skilt mot høgre. Stien vidare går i furuskog opp til 400 moh. og etter det i meir ope terreng.
Frå Varden er det godt utsyn både utover fjorden mot Sveio, og innover til Granvin. Herifrå ser ein også kvinnhersfjella i nytt perspektiv; Melderskin, Gygrastolen og Juklavasskruna med Folgefonna i bakgrunnen gjer inntrykk på dei fleste. På klåre dagar kan ein sjå like til havs.
Last updated: 09/11/2023
Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland
Tursti til Varden på Varaldsøy