Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ce87e58a5b7ea9333aa
name: plugins_common_social_share (widget)

Lom

Turtips: Tronoberget – utkikkstopp frå Lom sentrum

Book

Turen til Tronoberget er godt merka frå Lom sentrum, og gjev god utsikt over sentrum og over til Lomseggen.

Lom sentrum er omringa av fine turfjell. Tronoberget er eit av dei, på godt merka sti frå sentrum. Toppen ligg 890 meter over havet. Du kan gå vidare til Geitupphøe (1020 moh.)  

Dette er ein fottur nær Reinheimen nasjonalpark med fantastisk utsikt ned mot Lom sentrum og over mot Lomseggen med toppane Eggjapiken (1524 moh) og Storivilen (2064 moh). Lengst bak ruver Loftet (2170 moh). Frå toppen av Tronoberget ser du inn i Finndalen landskapsvernområde og Reinheimen nasjonalpark.

- Startpunkt: Frå sentrum, følg elveforbygginga langs Bøvre til Tronoodden. Stigen går opp ved bruenden på nordsida av Ottaelva.
- Lengde: ca. 7 km (tur-retur) 
- Høgdemeter: Ca.500

Link til turkart! 

Rutebeskrivelse: 
Frå rundkøyringa i sentrum kryssar du brua over Bøvre ved fossen. Rett ved bruenden går du til høgre ned til elva og over utleggsbrua (dette er ein del av Bergomsrunda). Følg elveforbygginga langs Bøvre til Tronoodden. Her er det og ein liten parkeringsplass på høgre side av vegen.

Stigen går opp ved bruenden på nordsida av Ottaelva. Ruta er godt merka, og svingar seg opp i terrenget i glissen furuskog mellom små hamrar, litt bratt av og til. Turen til toppen er ein liten avstikkar (150 m) frå skilta vegdele ned mot Grjotheim. 

Frå Tronoberget er det skilta til Geittupphøe, ca. 60 minutter tur-retur, som ligg 1020 moh. Frå Lom sentrum er det 4,5 km. til Geitupphøe. 

Ruta ned mot Grjotheim er ikkje så bratt som opp frå Tronoodden. Vegen attende til Tronoodden er lite trafikkert og grei å gå. 



Last updated: 03/21/2024

Source: Visit Jotunheimen AS

Turtips: Tronoberget – utkikkstopp frå Lom sentrum

Book

Nyligen besökta sidor