Norge öppnar gränserna! Här hittar du uppdaterad reseinformation
close
Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Eastern Norway Innlandet LOM

Turtips: Bukkelægret | Fottur mellom Gjendebu og Memurubu

  • Lom, Lom
  • +47 61212990
  •  /  km From You
Overview

Turtips: Gå det spektakulære Bukkelægret mellom Gjendebu og Memurubu!

Bukkelægret er den spektakulære oppstigninga frå Gjende, på ruta mellom turisthyttene Gjendebu og Memurubu.

Total lengde: 9,5 kilometer.
Stigning: Ca. 500 høgdemeter mot Memurutunga
Tidsbruk: 4,5 timar.

Har du gått Besseggen og leiter etter ein ny tur langs Gjende, er Bukkelægret verkeleg å abefale. Bukkelægret er ruta som startar innerst i Gjende, og går langs godt merka sti mot Memurubu. 

Turen startar med morgonbåten frå Gjendesheim til Gjendebu. Frå brygga går det merka sti langs vatnet, som fort begynner å stige. Sjølve Bukkelægret er ei stigning på 450 høgdemeter - frå Gjendevatnet. Etter å ha gått sjølve Bukkelægret kjem du opp til eit stiskille på eit platå, og går i ope og kupert terreng nedover mot Memurutunga. Denne følger du heilt ned att til Memurubu, og kan nyte synet av smaragdgrøne Gjende heilt fram.

På dei brattaste parti er det lagt ut kjettingar som er gode å halde seg fast i på veg oppover. Turen er kjent for praktfull utsikt over vestenden av Gjende, og sin rike flora. 

Fleire turdagar?
Turisthytta Memurubu ligg idyllisk til ved utløpet til elva Muru, midt på Gjende. Frå her har du fleire val. Du kan skappe av i solveggen med ein is, ei vaffel eller kald drikke medan du ventar på båten attende til Gjendesheim.

Har du moglegheit til å vere lenger til fjells, vil vi anbefale deg å sjekke inn på turisthytta, ete middag og vere til dagen etterpå. Da kan du anten gå attende via Besseggen eller følge den frodige stien langs Gjende mot Gjendesheim (sjå under). Det er dessutan mange fjelltoppar rundt hytta, og fint å gå til toppen Surtningssue eller fortsett vidare til ei ny turisthytte, til dømes Glitterheim. 


  • Last Updated:
  • Source: Visit Jotunheimen AS
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with TripAdvisor
Your Recently Viewed Pages