Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Eastern Norway Seljord

Uppigard Natadal

  • Natadalsvn. 174, Seljord
  • +47 35065900
  •  /  km From You
Overview

Opplev forteljarglede, eigenprodusert mat, badestamp under stjernene, og ein atmosfære som gjev inspirasjon og sjelefred.

På Uppigard Natadal kan du oppleva tradisjonell gardsdrift i eventyrlege omgjevnader. Garden ligg på 422 meter over havet, medan den lokale innsjøen Flatsjå ligg på 161 meter. Det er flott utsikt mot fjellet Skorve, eit fjell det er knytt mange forteljingar til. Opplev forteljarglede, eigenprodusert mat, badestamp under stjernene, og ein atmosfære som gjev inspirasjon og sjelefred. Høyr segn og soger som blir fletta inn i notida med humor, vertskapet kan kunsten å formidle.

Namnet "Natadal" kjem av at det veks hassel rundt tunet. Garden er truleg frå rundt år 1000, medan slaggfunn frå myrmalmsmelting tyder på at det allereie var folk der i år 0. På 1700-talet var garden ein storgard med 11 husmannsplassar under seg. No er Natadal ein praktfull eventyrgard med mindre areal enn før, men med eit vertskap som byr på ei solid dose kunst og kultur. Tunet er eit typisk Vest-Telemark rekkjetun med uthusa i rekkje og våningshus på tvers for enden av rekkja, det er åtte hus til saman.

Eit av kikkeskåpa i bygda er plassert på Natadal. Skulpturen er laga av Ellen Grøstad Barstad, som elles er vertskap på Nutheim gjestgiveri og kunstnarhotell. Segna om Tåronn i tråppin er utgangspunktet for skulpturen, ei segn som ofte blir fortalt på Natadal.

Sjå samspelet i Mytiske Telemark ved å kombinere overnatting med andre opplevingar. Grannegarden Rørtveit ligg i gangavstand, og leverer råvarer til Natadal.


  • Last Updated:
  • Source: Vest Telemark
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages