Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Sognefjorden Luster

Urnes stavkyrkje

  • +47 57678840
  •  /  km From You
Overview

Urnes stavkyrkje er den eldste i Norge, og står på UNESCO si verdsarvliste. Ho er bygd kring 1130, men dei spesielle utskjeringane på nordportalen kjem frå ei enda eldre kyrkje.

UNESCO
Denne eldste stavkyrkja i landet er den einaste i sitt slag på UNESCO si verdsarvliste. Ho står høgt og fritt med utsikt mot Lustrafjorden slik ho har stått sidan tidleg på 1100-talet. Men der den noverande kyrkja står er det funne spor etter etter ei anna kyrkje som skal vere bygd rundt 1050.

Vikingtida
Den særmerkte Urnes-stilen har namnet sitt frå Urnes stavkyrkje. Denne stilen er kjenneteikna ved flotte utskjeringar med svært høg kvalitet. Vi ser stiliserte dyr i kamp, med kroppane samanfiltra. Dette er ein utløpar frå stilartene i vikingtida slik vi også kjenner dei frå runesteinar i Sverige og på dei britiske øyar. Inne i kyrkja er stavane i midtrommet utsmykka med rikt dekorerte søylehovud.

På garden ved sida av kyrkja (Urnes gard) er det kafeteria, der ein også til tider kan få kjøpt nyplukka frukt og bær frå dei frodige hagane på Urnes.


  • Last Updated:
  • Source: Visit Sognefjord AS
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad