Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ce87e58a5b7ea9333aa
name: plugins_common_social_share (widget)

Uskedalen

Uskedalen båtlag

Uskedalen båtlag

I Uskedalen finn du ei av dei beste båthamnene i landet. Båthamna ligg godt skjerma for vinden både frå sør, nord og aust.

Hamna har 75 båtplassar og 15 av dei står til disposisjon for gjester utanfrå, også i ferietida om sommaren. Det er og 15 plassar for bubil/telt. Uskedalen har eit framifrå tilbod med omsyn til båthamnar. Ved sida av Uskedal Båtlag si hamn ligg Øyro Marina (til høgre på biletet). Vertshuset og SPAR oppe til venstre og Rabben Feriesenter oppe til høgre.

Båtlaget har eige hus der det er tilgong til dusj og toalett. Det er utplassert boss-containar i hamneområdet med moglegheit for kildesortering. Diesel kan kjøpast døgnet rundt frå kortpumpe.

Det er ei fin badestrand 200 meter unna. I samme område ligg skulen med mange leikeapparat og grusbane.

Koordinatar: 59,93077°N 5,85545°Ø

Last updated: 01/29/2024

Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Uskedalen båtlag

Nyligen besökta sidor