VIKTIGT! Se den senaste informationen om coronaviruset i Norge
Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Fjord Norway Vestland AURLAND

Vandrebussen til Aurlandsdalen

  • Flåm, Aurland
  •  /  km From You
Overview

Med «Vandrebussen» kjem du deg enkelt frå Flåm, Aurland eller Vassbygdi til Østerbø eller Geiteryggen som er gode utgangspunkt for vandringar i Aurlandsdalen.

På strekninga med buss frå Flåm til Aurlandsdalen passerer du flotte natur- og kulturattraksjonar. Først langs den vakre Aurlandsfjorden, der den gamle garden Otternes ligg under skårane og fjella. Dette er eit klyngetun med i alt 27 hus. Bussen køyrer gjennom Aurlandsvangen, kommune- og handelsenteret i Aurland, og passerer også Turlidfossen før bussen går vidare til Vassbygdi som er ei tradisjonell gardsbygd og eit start- og endepunkt for vandreruta i Aurlandsdalen.

Merk! På enkelte strekningar og enkelte dagar kan det vere stor pågang på bussane i Aurlandsdalen og det kan bli nødvendig å sette opp fleire bussar. Ein må då rekne med at det kan ta litt tid før ekstra buss er på plass.

Du kan ta Vandrebussen frå Flåm, Aurland eller Vassbygdi og reise til Østerbø eller Geiteryggen. Pass på at du bestiller for rett strekning.

 

Flåm - Aurland - Vassbygdi - Østerbø - Geiteryggen

                                   Mandag - Søndag

Frå Flåm                       08:15 / 16:30

Til Aurland:                    08:25 / 16:45

Frå Aurland:                  08:25 / 16:45

Til Vassbygdi:                08:45 / 17:05

Frå Vassbygdi:               08:45 / 17:05

Til Østerbø:                    09:15 / 17:35

Frå Østerbø:                   09:15 / 17:35

Til Geiteryggen:               09:40 / 17:55

 

Prisar per strekning

Vandrebussen til Aurlandsdalen   Vaksen   Honnør   Barn

Flåm - Østerbø                                  125         62          62 

Aurland - Østerbø                              101        51           51

Vassbygdi - Østerbø                           79          40          40

Aurland - Geiteryggen                        133        67          67

Flåm - Geiteryggen                             157        78          78

Vassbygdi - Geiteryggen                    109       54          54


  • Last Updated:
  • Source: Visit Sognefjord AS
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with TripAdvisor
Your Recently Viewed Pages