Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ce87e58a5b7ea9333aa
name: plugins_common_social_share (widget)

Oppstryn

Vetledalssæter - Erdalsbreen

Erdalsbreen er ein brearm av Jostedalsbreen, den ligg fin til ved det kalde brevatnet.

Ta av frå riksveg 15 mot Erdalen i Oppstryn. Parker innerst ved siste gardane, eller så kan ein kjøre eit stykke vidare på bomveg. Frå ein parkerar er det god sti heilt inn til Vetledalssetra, her er det fint å ta ein pause før ein fortsettar på sti inn til breen.

Vetledalseter ligger øverst i Erdalen Stryn og blei opna som DNT-hytte sommaren 2011. Den er sett i stand av Indre Nordfjord Turlag og er eit flott utgangspunkt for turer mot Vetledalsbreen, mot Infimus som ligg lengst inn mot brevatnet til Erdalsbreen. Turen inn til hytta frå Erdalen passar godt for barnefamilie, og tar ca 1 times tid.

Turen inn til Vetledalsetra er 6 kilometer med ein høgdeforskjell på ca 450 meter. Dei første 200 høgdemeterane er på grusvei. Der etter er det tre parti som er stigning. Første partiet møter ein rett etter Loppeset. Så er det ei stigning opp Hesthammarane. Den siste stigninga er på vei til Vetledalsetra.

Følg stien vidare til Erdalsbreen.

Last updated: 10/12/2023

Source: Nordfjord

Vetledalssæter - Erdalsbreen

Nyligen besökta sidor