Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ce87e58a5b7ea9333aa
name: plugins_common_social_share (widget)

Vik

Vik Gjestehavn

Vik Gjestehavn

Velkommen til Vik i Sogn som er eit relativt nytt reisemål for båtfolket. Vik er ei kulturell skattekiste med Sylvringen sine guida turar på Vikøyri, Hopperstad Stavkyrkje, Hove Steinkyrkje og du får ein smakebit av Gamalosten.

Rikeleg tilgang på godt vatn. Noko avgrensa tilgang på straum, men rikeleg til lading og lys. Våre gjester har tilgang på dusj og vaskemaskin på Vik Camping, vis a vis hamna.
Vik har lett tilgjengeleg flotte turløyper (Sylvringen) i sentrum. Ein tursti som tek deg til dei kjende kyrkjene våre. Elles er det enkel tilgang til fjellet med snø og turløyper i flott natur.
Strandsitjarstaden i sentrum er oppgradert med strandpromenade og «Sydenstrand»,- badelagune med kvit sand og stupetårn!
Vik Stadion er ny og eit topp anlegg for trening. Tennisbane og kunstgrasbane.

Kom til Vik og sjå kva me kan by på!

Drivstoff i gjestehavna

Diesel brygge


Nærmeste drivstoff fylling

Døgnåpen kortautomat ved eigen kai i hamna

Ekstra prisopplysninger

Opptil 35 ft kr 150 pr døgn / 36- 50 ft kr 250. Straum kr 50 pr døgn. Betaling ihht anvisning i hamna. Sjå oppslag.

Innseiling

Vindforhold

Vind frå nordaust og sydaust kan vera plagsom. Kun vinden – bak bølgebrytaren er ikkje bølger noko problem.

Havnedybde

God djupne, 3 m.+. Grunnast ved landgangsbrygga. Ved bølgebrytar 15m +.

Last updated: 02/29/2024

Source: Visit Sognefjord AS

Vik Gjestehavn

Nyligen besökta sidor