Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ce87e58a5b7ea9333aa
name: plugins_common_social_share (widget)
Stryn
TripAdvisor rating of 4.5

130

Visnes Hotel Stryn

Velkommen til Visnes Hotel i Stryn! Visnes hotel er eit historisk hotel med 19 rom, som ligg rett utanfor Stryn sentrum. Her er vi, midt i «smørauge», med mange kjente attraksjonar i nærleiken. Hotellet er medlem av De historiske Hotel og Spisesteder, og vi legg vekt på personleg service og servering av rein, lokal mat. Her har vore hotelldrift sidan 1850, og hotellbygningen, som er verna, er eit spanande besøk tilbake i tid, men med dagens komfort. I 2020 vart også den gamle låven på tunet satt i stand, og her har vi også gjesterom, og lokale for sommar kafé og møter i 1. etasje.

Alle romma her på Visnes Hotel er litt ulike, i nostalgisk stil frå 1920 talet. Mange av romma har også balkong, og alle rom har eigne bad.
Frukost serverast i den staselege spisesalen, og om du vil, kan du smøre matpakke med deg til tur. Det er mange aktivitetar og turar og velje nær oss. Vertskapet hjelper gjerne til med å planlegge dagen for deg og tilpassar etter personlege ynskje og ver.

Hotellet ligg ein kort spasertur frå Stryn sentrum, og til Loen og Olden er det kort veg med bil. Her finn du kjente turmål som Lodalen, Raksætra, Loen Skylift, Kjenndalsbreen, Briksdalsbreen, Skålatårnet, og mange andre turar! Både kortare og lengre turar, vi hjelper deg å planlegge.
For dagsturar med bil, kan vi anbefale å ta turen ut mot kysten, til Selje eller Bremanger. Eller nordover mot Sunnmøre og Geiranger. Her kan du oppleve ein kystnatur som er heilt ulik den vi har inne i fjorden!

Med Visnes Hotel som base, kan du oppleve mykje, og vel tilbake på hotellet på kvelden, kan du nyte eit glas lokal drikke på terrassen, og ein heimelaga middag i restauranten vår.

Velkommen til oss!

Källa: Nordfjord

0

Visnes Hotel Stryn

Nyligen besökta sidor