Hopp til hovedinnhold
Hjelledalen

Vollsnes Glamping Dome

  • Reidd dobbeltseng i telt med kvite dynar, rulla handkle og syrinblomar, og varmt sollys på veggen på Vollsnes Glamping Dome i Oppstryn..
  • Flaske musserande, to glas og gule blomar på trebord ved stille Oppstrynsvatnet med fjell og låg sol i bakgrunnen på Vollsnes..
  • Eit opplyst oransje kuppeltelt står ved ei mørk strand, med fjell, nakne tre og stjernehimmel bak på Vollsnes i Oppstryn ved Oppstrynsvatnet..

Opplev Vollsnes glamping Dome ved idylliske Oppstrynsvatnet, omgjeven av fjell og vakker vestlandsnatur. Nyt komforten, rolege dagar og kort veg til padling, fiske, bading og fjellturar.

Opplev glamping i spektakulære omgjevnader ved idylliske Oppstrynsvatnet.

Glampingteltet på Vollsnes gjev deg eit komfortabelt og naturnært opphald. Eit perfekt utgangspunkt for aktivitetar som padling, fiske, bading og fjellturar. Her kan du også berre nyte roa og den friske lufta i vakker vestlandsnatur.

Teltet er utstyrt med ei komfortabel dobbeltseng og dyner, og har i tillegg sovesofa med plass til to ekstra gjester. Det passar dermed fint både for par, familiar og små grupper.

Plasseringa, om lag 100 meter frå vatnet, gjev deg ei flott utsikt over landskapet rundt. Her får du fjell og vatn tett på, og kort veg ned til stranda.

Uteområdet har eiga bålpanne der du kan lage mat og kose deg rundt bålet. Det er ikkje dusj på staden, men eit forfriskande bad i Oppstrynsvatnet er alltid eit godt alternativ.

Som gjest har du fri tilgang til utstyr som båt, kajakk og SUP-brett, samt toalettfasilitetar.

For meir informasjon og booking, besøk nettsida eller ta kontakt med Vollsnes direkte.

Källa: Nordfjord