Unknown Component
civid: 5c827ce87e58a5b7ea9333aa
name: plugins_common_social_share (widget)

Voss

Vossabike - Elektriske bygdesyklar på Voss.

Book

Med Vossabike kan du på ein enkel, morosam og miljøvenleg måte utforska Voss, det er akuratt som bysykkelen, men her vert det kalla bygdesykkel! Me trur det er verdas fyrste elsykkeldeling på bygda!

Skaff deg appen Finn ShareBike i App Store til iPhone og Google Play til Android telefonar. iPhone: https://apps.apple.com/no/app/sharebike-bike-sharing/id1500884837 Android: https://play.google.com/store/apps/details?id=com.sharebike.android Med ShareBike appen kan du leige ein bygdesykkel, og du kan og sjå kor du finn den næraste sykkelen. Stasjonar: Du finn bygdesyklar i sykkelstasjonane rundt om kring på Voss. Det er 2 ladestasjonar. Her finn du som regel alltid godt opplada syklar (så lenge det står syklar parkert her): - Voss stasjon - Hestavangen Det er 13 GPS stasjonar, som betyr at du i desse områda kan levere i frå deg sykkel utan å setje den i ein ladestasjon. I sentrum finst desse stasjonane: - Voss idrettshall - Vossabadet - Sverresplass ved Lyskrysset (Både ved Vinmonopolet/Extra og Endeve sport) - Skulegata ved Jernia - Skulegata ved KIWI - Voss tinghus - Stasjonsgarasjen p-hus - AMFI (Vest og Aust) Litt utanfor sentrum kan du levera i frå deg syklar her: - Voss vandrarheim - Vossvind (Tvildemoen) - Voss fallskjermklubb/Skydive Voss (Bømoen) - Voss folkemuseum (Mølstertunet) Besøk Vossabike sin heimeside for å sjå eit kart over alle stasjonane, eller sjå kartet i ShareBike appen. Prisar: Litt sykling kr 10,- per 6. minutt, men ikkje meir enn kr 400,- pr døgn Mykje sykling Kostar kr 600,- for sesongen. Du får første timen kvar sykkeltur gratis! Over gratistimen kostar det kr 5,- per 6. minutt, men ikkje meir enn kr 200,- pr døgn. Prøv oss gratis opp til ein time med kupongkode VOSSABIKE23 Kva er Vossabike? Vossabike er eit pilotprosjekt for å finne ut om elsykkeldeling er bærekraftig i mindre tettstader, og for å finne ut korleis elsykler kan vere eit godt supplement til kollektivtransport. Vossabike driftast av Voss Parkering AS. Samarbeidspartnarar er Visit Voss, Voss Herad, ShareBike, BaneNor og Vestland Fylkeskommune. #bysykkel

Last updated: 08/14/2023

Source: Destinasjon Voss

Vossabike - Elektriske bygdesyklar på Voss.

Book

Nyligen besökta sidor