Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ce87e58a5b7ea9333aa
name: plugins_common_social_share (widget)

Luster

Wonderlust DMC

FJORDAR, FJELL, UNESCO-STADER, ISBREAR, FOSSEFALL La oss vise deg underverka i det mangfaldige Vestlandet. Vi er ein DMC/incoming turoperatør i den vakraste delen av Norge - midt i fjordane, fjella og breane.

Wonderlust DMC
Vi er ein DMC/incoming turoperatør i den vakraste delen av Norge - midt i fjordane, fjella og breane. Vi kjenner historia, kulturen og livsstilen og kjenner alle dei "skjulte perlene" - dei fantastiske og autentiske stadene utanfor masseturismen. Vi har mange års erfaring med å organisere turar og aktivitetar enten du reiser åleine, reiser med familie,  i små grupper eller ønskjer å arrangere turar/arrangement for store grupper opp til 200 deltakarar. Vi er spesialistar på å tilpassa unike opplevingar, med den visjonen at ferien skal vere føde for både hjarte, kropp og sinn.

Vi elskar friluftsaktivitetar som å gå turar, sykla, padla kajakk, glamping og sova i hengekøye ved fjorden. Vi elskar òg å bu på alle dei sjarmerande historiske hotella, og vandre på kulturstiar med nokon som fortel deg historia om fortid og nåtid. Alt krydra av dei gode anekdotane vi alle liker så godt høyra. Lokalt produserte ingrediensar omforma til herlege måltid er både ein hobby og noko vi vil at du skal oppleva. Og miljøet står i høgsetet - noko du ser i alle tenestene våre.

Vi tek vare på deg frå byrjing til slutt gjennom heile reisa di i Norge. Visjonen vår er at kvar einaste gjest forlèt oss med gode minne som varer resten av livet.

Vi tilbyr:

Turforslag til individuelle reisande og/eller små grupper. Vi set saman unike opplevingar for deg eller familien/vennegjengen din etter din preferanse, med eller utan overnatting og transport. Ynskjer du å bu på eit ærverdig historisk hotell, eit pittoresk boutiquehotell, leige leilegheit for heile familien eller kanskje komme til eit ferdig oppsett telt med litt luksus? Transport med elbil, minibuss etc. Vi organiserer etter dine ynskje.

Skreddarsydde eller ferdige turar til turoperatør og reisebyrå. Turpakkane inneheld temareiser, jakt og fisketurar, musikkreiser, vandreturar, pilegrimsturar, yoga-retreats eller tradisjonelle guida turar på Vestlandet. Turane kan inkludere alt av transport, overnatting, guiding og måltid etter kor mykje ein ynskjer å ha med i pakken

Opplegg for kurs og konferansar, leiarmøte, etterutdanning for bedriftsmarknaden.

Last updated: 02/29/2024

Source: Visit Sognefjord AS

Wonderlust DMC

Nyligen besökta sidor