VIKTIGT! Se den senaste informationen om coronaviruset i Norge
Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Fjord Norway Vestland AUSTRHEIM

Kilstraumen Brygge

  • Kilstraumen Brygge 1, Austrheim
  • +47 94853975
  •  /  km From You
Overview

Lengtar du etter ferieidyll med lange sommarnetter, skjergard, båtliv og sjølukt? Då kan Kilstraumen Brygge vere noko for deg!

Hos oss kan du bu i di eiga rorbu, hytte, leilegheit eller overnatte  i vårt idylliske vertshus fra 1610. Ta med deg familien eller vennegjengen på tidenes sommarferie.  I nærområdet er det noko for ein kvar smak, om du enten vil gå i skog og mark, bade, grille, fiske, padle kajakk, besøke ein «mini – dyrehage», ete is på brygga, sykle, shoppe på vårt lokale shoppingsenter eller nyte solnedgangen på terrassen.

Overnattingsalternativer: 7 Hotellrom, 16 rorbuer, 10 hytter og 2 leiligheter ( totalt 140 senger )
 
Austrheim ligg ein time frå Bergen sentrum, du kan komme til oss med ekspressbåt frå Bergen som stopper på Vardetangen. Elles kan du komme med bil eller båt. Båten din kan du leggje til gjestebryggja som har strum og servicehus tilgjengeleg. Ynskjer du å ta med deg bubilen, så gjer gjerne det. Vi har straum og parkeringsplass klar til deg.

KILSTRAUMEN – HEILT VEST I LANDET.

Like ved sjøkanten, nært det vestlegaste punktet på Noregs fastland, Vardetangen, ligg Kilstraumen Brygge. Bygget vart utvida og påbygd i 2016, og framstår som ei moderne verksemd med gode tilbod til deg.

Historia kan vi trekkja tilbake heilt til 1610 då det første vertshuset starta. Det fekk kongeleg skjenkeløyve frå kong Christian kvart i København. I dei over 400 åra sidan, har det vore gjestehus og skjenkestove. Seinare vart det restaurant, butikk med sal av olje og bensin. Kilstraumen har og ei historie som historisk tingstad. I tillegg har sjølve straumen ei rik og dramatisk historie.

I dag skapar vi gode opplevingar for både turistar og lokale gjestar. Her kan du utforska lokal mat etter å ha utforska aktivitetar i nærområdet. 

SALMON SAFARI - BÅT TIL VISNINGSANLEGG FOR OPPDRETT

Nytt av året er at vi tilbyr tur med snøggbåt til Skjærgårdsfisk Visningssenter AS på Marøy i Radøy. Saman med Skjærgårdsfisk Visningssenter har vi eit sterkt ynskje om å vidareformidla og dela med deg tradisjonen og kunnskapen i oppdrettsnæringa. På denne turen får du sjå korleis dagens lakseoppdrett føregår i praksis. Bedrifta du besøkjer har gjennom 60 år produsert laks til ein internasjonal marknad. 

RESTAURANT OG PUB

Hos Kilstraumen Brygge er vi opptekne av dei gode stundene. Vi har to flotte restaurantar med ein triveleg pub i tilknyting til serveringslokala. Her kan du nyta lekker mat, nyta den gode servicen og ikkje minst den vakre utsikta. Vi baserer menyen mykje på sjømat og kortreist mat. 

SUNDAGSBUFFET

Kilstraumen Brygge sin søndagsbuffet er open kvar sundag heile året. Kva med å kombinere ein søndagstur til Vardetangen med vår søndagsbuffet?

SERVERING

Naustet er hovudrestauranten vår. Her er kapasiteten ca. 120 personar med nydeleg uteservering på brygga. Den nyoppussa restauranten Salongen, har kapasitet til 100 personar. Vi tilbyr også catering og overtidsmat.

OVERNATTING

Kilstraumen Brygge byr både på hjarterom og husrom i maritime omgjevnadar. Fasilitetane passar både for weekendopphald og feriar. Dei 120 sengene våre er fordelte på rorbuer, hytter og leiligheiter. I tillegg har vi nokre rom på vertshuset. Nyt den avslappa atmosfæren og bølgeskvulp utanfor vindauga, anten du kjem åleine, med partnaren eller heile familien. For bedrifter kan vi tilby langtidsleige med tilpassa prisar. 

GJESTEHAMN

Vi har gjestehamn med plass til både små og store båtar. Du får tilgang til sanitæranlegg med WC og dusj. Du kan få straum, vatn, trådlaust internett og vi har bunkring. 

BUBIL

Vi har oppstillingsplass for bubilar. Du kan kopla deg til straum og få vassforsyning.

HELIKOPTERLANDINGSPLASS

Kjem du luftvegen, har vi tilrettelagt ein godkjent landingsplass for helikopter!

KURS OG KONFERANSE - SAMLING I SJØKANTEN

Hjå Kilstraumen Brygge kan du halde møter, kurs og arrangement for di bedrift. Vi har alt av teknisk utstyr som kan tilretteleggjast til ditt møte. Våre møterom kan ta opp til 75 personar. I den konferansepakke kan du også legge til både lunsj og/eller middagsservering. Du og ditt følgje er velkommen til samling i sjøkanten her oss i Kilstraumen. 

TILBOD I NÆROMRÅDET.

Bur du hos oss, kan du nytta deg av fleire tilbod i nærområdet.

Aktivitetar
Turgåing langs stiar i nærområdet
Turgåing på stiar i Austrheim
Fisking
Padling, hos oss kan du leiga kano eller kajakk.
Sykling, hos oss kan du leige sykkel.
Dykking i fleire undersjøiske spennande miljø
Bading og grilling
Shopping på Mastrevik Torg

Plassar å besøkje
Visningssenteret for oppdrett på Marøy
Dyrehagen Gård
Mongstadmuseet, knytt opp til oljeraffineriet
Fedje og landsbyen i havet.
Utvandrarsenteret på Sletta
Frisbee-golfbane i Årvika friluftsområde
Fiskarbonden sitt rike
Kunsthuset Austrheim

Pris

Rom & frukost:
Enkeltrom:
Rom NOK 950,- , rom inkl. frukost 1095,-

Dobbeltrom:
Rom NOK 1200,- , rom inkl. frukost 1490,-

Hytte:
Overnatting pr. døgn NOK 2000,- (meir enn 1 døgn NOK 1500,-)
Overnatting pr. veke - NOK 6000,-

Leilegheiter:
Overnatting pr. døgn NOK 2500,- (meir enn 1 døgn NOK 2000,-)
Overnatting pr. veke: NOK 8500,-

Rorbu:
Overnatting pr. døgn: NOK 3500,- (meir enn 1 døgn NOK 3000,-)
Overnatting pr. veke: NOK 8500,-

Ved behov for langtidsleige eller større arrangement,
​ta kontakt for pris

Alle våre prisar er inkl. mva
 


  • Last Updated:
  • Source: Bergen Reiselivslag
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with TripAdvisor
Your Recently Viewed Pages