VIKTIGT! Se den senaste informationen om coronaviruset i Norge
Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Fjord Norway Vestland KVINNHERAD

Dønhaug Gjestegard

  • Kjerlandssido 49, Kvinnherad
  • +47 97040153
  •  /  km From You
Overview

Dønhaug Gjestegard ligg på eit gardsbruk sentralt i Uskedalen. Garden ligg høgt og fritt med panoramautsikt over bygda, fjella og Hardangerfjorden. Dønhaug vert driven som gjestegard og tilbyr overnatting og kulturelle tilstellingar. Det eldste huset på garden er frå 1900 og vert leigd ut som feriehus. Huset vart renovert i 2003 med fokus på å ivareta særpreget. Her er seks doble soverom, og på tre av romma kan ekstra senger settast inn. Feriehuset har stort kjøkken, stove, to bad og eignar seg godt for familiar som ferierer saman. Huset er fullt utstyrt og lintøy kan leigast i tillegg for kr. 100 pr. pers. Leiga av huset inkluderer også trådlaust internett, fem syklar, kabel-tv og uteplass med leikestativ. Rabatt på pris ved leige på to døgn eller meir.

Dønhauglåven kan leigast for arrangement og har plass til ca. 400 gjestar, og ca. 250 spisegjestar. I sommarmånadane vert den m.a. nytta til bryllaup, konsertar og låvedansar. 

Dønhaugkjedlaren er pub/selskapslokale. Lokalet med plass til 70 personar er i kjellaren til det eldste våningshuset og har eit særeige inventar med m.a. open gruve. Dønhaukjedlaren vert m.a. nytta til firmaturar, konfirmasjonar, fødselsdagsselskap og pubkveldar.

Uskedalen ligg sentralt for opplevingar i heile Hardanger, Sunnhordland, Bergen, Haugesund og Stavanger. Opplev Trolltunga, Preikestolen, breturar, eit stort mangfald av fjellturar og båttur på fjorden!
 


  • Last Updated:
  • Source: Destination Hardanger Fjord AS
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages