Skip to main content
Unknown Component
civid: 585c435a11ef199d3d237833
name: plugins_common_social_share (widget)

Ullensvang

FONNA Glacier Ski Resort, sommerski

FONNA Glacier Ski Resort er eit sommarskisenter som ligg på Folgefonna. Frå kanten av Hardangerfjorden i Jondal kan du køyra heilt opp til breen og skisenteret på den 19km lange Glacier Road.

Sommarskisenteret FONNA Glacier Ski Resort ligg på isbreen Folgefonna. Her er alpinløyper for heile familien, freestylepark, langrennsløyper og mogelegheit for trugeturar. Frå toppen av skiheisen 1450 moh. er det fantastisk utsikt over breen, Hardangerfjorden og Nordsjøen. Den 19 km lange vegen frå Jondal sentrum til Folgefonna er ei naturoppleving i seg sjølv. Følg skilting Folgefonna frå Jondal sentrum. På Fonna er det ski- og trugeutleige. Det fins også matservering i restauranten i velkomstsenteret.

Sesongen startar normalt sett i slutten av april/starten av mai og varer ut august.

Skianlegget er opent frå 9-16 kvar dag i dette tidsrommet.


Fonna glacier ski resort ligg 19 km frå Jondal sentrum, ein 25 minutters køyretur frå fjordkanten og opp til isbreen. Vegen opp til skisenteret er ein bomveg med ei avgift på 100 kr per køyretøy. Frå Bergen bruker ein ca. 2 timar til skisenteret.

Last updated: 10/10/2023

Source: Destination Hardanger Fjord AS

FONNA Glacier Ski Resort, sommerski

Nyligen besökta sidor