VIKTIGT! Se den senaste informationen om coronaviruset i Norge
Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Fjord Norway Vestland EIDFJORD

Hardanger Fjordsafari

  • +47 91990932
  •  /  km From You
Overview

Turen startar i Eidfjord Hamn etter påkledning, og ein kort sikkerheits gjennomgang. Me vil ha fleire stopp undervegs, utan å gå ut av båten, der båtføraren vil fortelja litt om det me ser. Det kan være lurt å ha fotoapparat lett tilgjengeleg.  Ein stopp vil være i Hotle der det går geiter ute som kjem ned til båten, ved ein annan stopp er det ofte kobbe å sjå i sjøen eller på land. Det er eit rikt fugleliv i Eidfjorden av spesielt sjøfugl, men dette varierer også litt med årstidene.

Når båten stoppar innerst i Simadalsfjorden så befinn me oss ved eit av Noregs største kraftverk, der  produksjonen gjeng føre seg inne i fjellet. Me vil fortelje litt om kraftstasjonen, og sette det i samanheng med andre serverdigheiter som me ikkje når med båten, slik som Vøringsfossen, Hardangerjøkulen og Sysendammen.  Simadalsfjorden er visuelt flott, med sine bratte fjellsider og fleire små fossar.

Når me seinare plasserer oss midt ute i Eidfjorden vil me sjå Eidfjord samfunnet, fjellgardane Kjeåsen og Skår, Hardangerbrua og Hardangerjøkulen. Der vil fortelje litt om kva som har forma naturen, folk og samfunnet me ser. Ein tur med oss kan sikkert påverke kva du vil sjå og gjera etter at du kjem på land att.

Eit alternativ til kraftstasjonen i Simadalsfjorden, er å køyre ut til Hardangerbrua for å studere den frå sjøen.  Her er mykje å fortelje om byggeprosess og dimensjonar. Undervegs passerer me ein foss som kjem nesten oppi båten på ein regnværsdag, og stadar med kulturhistorisk betydning.  Det vert ikkje tid til Simadalsfjorden og Hardangerbrua på same tur, så passasjerane eller vindtilhøve påverkar dette.

Halvtimestur 395 NOK per passasjer (Forbeholdt grupper på 15-24 personer).

Timestur 620 NOK per passasjer over 14år, og 395 NOK per passasjer under 14 år i fylgje med vaksen.


  • Last Updated:
  • Source: Destination Hardanger Fjord AS
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages