Tyssedal

Kraftmuseet

Boka
  • Bygningar frå Kraftmuseet i Hardanger med utsikt over fjorden, omgitt av vakre fjell og norsk natur.
  • Store blå turbinar inne i Kraftmuseet, som viser gammal norsk vasskraftteknologi.
  • Guidet omvisning på Kraftmuseet, der turistar lærer om historia til norsk vasskraft.
  • Detaljbilde av kraftige turbinmaskiner frå den tidlege vasskraftproduksjonen i Norge.
  • Ein turbin som er delvis opna, slik at besøkande kan sjå innhaldet i maskineriet på Kraftmuseet.
  • Gruppe besøkande inne i kontrollrommet på Kraftmuseet, der dei lærer om norsk energihistorie.
  • Det gamle kontrollrommet på Kraftmuseet med originale brytarar og instrument frå vasskraftens storheitstid.
  • Gamle industrikjelar på Kraftmuseet, som viser teknologi brukt i tidlegare kraftproduksjon.
  • Informasjonstavle om elektromagnetisme og generatorar på Kraftmuseet, med utstilling av ein liten modell.
  • Utandørs utstilling ved Kraftmuseet med ein stor turbinring og utsikt over fjorden og fjella i Hardanger.
  • Kaféområde på Kraftmuseet, med utsikt mot museumsområdet og suvenirar tilgjengeleg for besøkande.
  • Inngangspartiet til suvenirbutikken på Kraftmuseet, der besøkande kan kjøpe lokale produkt og informasjonsmateriell.
  • Fasaden til hovudbygningen på Kraftmuseet, med arkitektur som reflekterer industristilen frå tidleg 1900-tal.
  • Interaktiv utstilling på Kraftmuseet som viser utviklinga av den norske vasskraftindustrien, med historiske gjenstandar.
  • Historisk scene frå 1918 med bilete og gjenstandar frå kraftutbygginga på Kraftmuseet.
  • Moderne arbeidarar representert i ei utstilling på Kraftmuseet, som viser fram utviklinga i kraftindustrien.
  • Telegrafutstilling på Kraftmuseet med originalt utstyr som vart brukt til kommunikasjon i kraftindustrien.
  • Historisk rom på Kraftmuseet med utstilling av gamle dokument og møblar knytt til kraftstasjonens historie.
  • Eit smedverkstad på Kraftmuseet med originalt verktøy og smelteutstyr brukt under kraftutbygginga.
  • Gruveomvising på Kraftmuseet, der besøkande får oppleve ein historisk tunnel med guide.
  • Se vår Facebook

  • Skicka email

  • 53 65 00 50

  • Naustbakken 7

    Ullensvang, Vestland

    Visa på kartan

Opplev Kraftmuseet i Tyssedal og få eit fascinerande innblikk i Noregs vasskraft- og industrieventyr, med aktivitetar for heile familien i vakker vestlandsnatur.

Den freda kraftstasjonen i Tyssedal ligg nede ved fjorden og er eit mektig monument over vasskraft- og industrieventyret som starta tidleg på 1900-talet. Eit besøk hjå Kraftmuseet gjev deg innblikk i kva som hende då Norge gjekk frå bondesamfunn til industrisamfunn. Museet fortel levande om rallarliv og ingeniørkunst, arkitektur og korleis det vaks fram moderne byar midt i vakker vestlandsnatur.



Kraftmuseet er ein kjekk stad for heile familien, med ulike aktivitetar for born. Rebus blant turbinane, installasjonar der ein kan laga ekte elektrisitet.



Filmen startar klokka 11, 13 og 15.



Utstillingar og film

Besøket startar med den fengslande filmen "Industrieventyret". Du kan vandra fritt i kraftstasjonen, studera det legendariske kontrollrommet med marmortavler og sjå på utstillingane. Utstillinga Norsk vasskraft drar deg gjennom heile den norske vasskrafthistoria - frå pionertid til kraftsosialisme og monstermaster i Hardanger.



Museumskafé

I museumkafeen får du handverkskaffi og små rettar. Lokalmat og drikke. Vi serverer sider frå Hardanger.



Museumsbutikk

I butikken finn du bøker, gåveartiklar, designvarer og eit utval drikkekoppar, termosar og flasker.



Parkering

Når du kjem til museet, finn du enkelt parkering. Resepsjonen ligg i sjølve kraftstasjonen, og det er der du møter vertskapet.



Opningstider

Tysdag - fredag 10 - 15


  • Året runt
Pris – Pr. person50 NOK *
Pris – Pr. person90 NOK *
* Pris från

Källa: Destination Hardanger Fjord AS