Skip to main content
Unknown Component
civid: 585c435a11ef199d3d237833
name: plugins_common_social_share (widget)

Ullensvang

TripAdvisor rating of 4.5

33

Lilletopp - Kraftmuseet

Book

Prøv ein kort topptur i Hardanger! Lilletopp i Tyssedal har fantastisk utsikt over Hardangerfjorden.

​​​​​​Ta ein kort topptur med makelaus utsikt i Hardanger! Lilletopp i Tyssedal ligg herleg til mellom dei to nasjonalparkane Hardangervidda og Folgefonna. Her kan du sitja på kanten av berget og sjå utover det praktfulle fjordlandskapet i Sørfjorden. Det som gjev turen det vesle ekstra, er det freda kraftanlegget med voktarbolig på Lilletopp og rallaren sitt rike inni fjellet.

OM TUREN (ca. 45 minutt ein veg)
Parkering ved Tyssohallen på P1. På Kraftmuseet ved fjorden får du P-billett for 3 timars korttidsparkering ved kjøp av inngangsbillett til museet. Du går femten minutt på veg, før du tek stien ein halv time over skarv og i trapper i historiske omgjevnader. Utsikta er fantastisk heile vegen, og du går heile tida tett på kulturminne som fortel om det visjonære arbeidet med å skaffa elektrisk kraft tidleg på 1900-talet. Du går på eiga hand frå parkeringa og opp til Voktarboligen på toppen.

Her er det kafé med blant anna knallgod handverkskaffi, sveler og pølser i brød.

Her får ein også høve til å gå inn i sjølve fjellet. Det kostar ekstra, men den interessante historia gjer den guida turen verdt kvar ei krone. Ved Voktarboligen møter du vertar som tek deg med inn i fjellet (omvising kvar dag klokka 13 og 16). Inne i tunellane er det lys og godt med plass. Verten fortel om vasskrafteventyret, om rallarar og ingeniørar som på to år fekk vatn frå Hardangervidda til å bli straum til fabrikkane, som igjen kunne forsyna verda med gjødsel og karbid. I fjellhallen ser du bildepel som set deg inn i det hasardiøse arbeidet med å bygga kraftanlegget.

PARKERING
Sving innom Kraftmuseet på kaien i Tyssedal for å henta parkeringsbillett. Parkeringa er ved Tyssohallen i øvre del av Tyssedal.

BRUK GODE TURSKO!


Last updated: 10/10/2023

Source: Destination Hardanger Fjord AS

Lilletopp - Kraftmuseet

Book

Nyligen besökta sidor