Skip to main content
Unknown Component
civid: 585c435a11ef199d3d237833
name: plugins_common_social_share (widget)

Ullensvang

Overnatting - Røldalterrassen

Book

Røldalterrassen, idyllisk plassert på toppen av Røldal, tilbyr overnatting i flotte leilegheiter, panoramautsikt og kort veg til store opplevingar.

Røldal er meir enn berre mektig natur i fjellheimen. Røldalterrassen, plassert idyllisk til på toppen av Håradalen, byr på mellom anna panoramautsikt over Røldal, flotte overnattingsmoglegheiter og godt mat. Kurs, konferanse eller selskap, familietur, helgetur eller som utgangspunkt for opplevingar i Hardanger-regionen - Røldalterrassen har noko for deg. Vel mellom fire ulike typar leilegheiter, alt frå fire til åtte personar.

Hjå Røldalterrassen har du fridommen til å velje sjølv: Ynskjer du eit heimelaga måltid og kvalitetstid for deg sjølv eller dine, er leilegheitene godt utstyrte for matlaging og annan sjølvbetjening. Ynskjer du derimot å nyta ein betre middag, er det kort veg til restauranten, kjent for sine kulinariske høgdepunkt og lokale råvarer frå Hardanger-regionen.

Røldalterrassen er eit naturleg knutepunkt i Hardanger: 50 min unna Trolltunga, 20 min frå Odda og tre timar frå Preikestolen – det er med andre ord kort veg mellom store opplevingar. For 1625 kroner for eitt døger og 2425 kroner for to, får du både sengetøy, handkle, utvask og ein makalaus utsikt til morgonkaffien inkludert i prisen, ein utsikt som for øvrig er verdt eit besøk i seg sjølv. Dette er med andre ord ein plass kor du kan senke skuldrene, slappe av og lada både kropp, sjel og elbil.
PS: Om du er meir glad i vekter og tredemølle enn ryggsekk og fjelltur, har dei eit nyoppussa treningsrom tilgjengelig for alle gjester og for drop-in.

Booking gjer du på heimesidene. Me rådar deg og til å teste ut restauranten deira.

Last updated: 10/10/2023

Source: Destination Hardanger Fjord AS

Overnatting - Røldalterrassen

Book

Nyligen besökta sidor