Skip to main content
Unknown Component
civid: 585c435a11ef199d3d237833
name: plugins_common_social_share (widget)

Ullensvang

TripAdvisor rating of 4

77

Røldal Stavkyrkje

Røldal Stavkyrkje er bygt på 1200-talet og er kjend for krusifikset sitt som, ifylgje legenda, har heilbrigdande krefter. Kyrkja ligg i Røldal sentrum og var eit av dei viktigaste pilegrimsmåla i middelalderen og heilt fram til 1835.

Kyrkja vart bygd mellom 1200 og 1250, og er kjend for det undergjerande krusifikset som framleis heng over korbogen. Etter forteljartradisjonen sveitta det kvar jonsoknatt (6. juli etter den julianske kalendaren) og denne sveitten hadde lækjande verknad. Røldal var i middelalderen eit av dei viktigaste pilegrimsmåla i Noreg og vara ved heilt til 1835, lenger enn noko anna valfartingstad i Noreg. Kyrkja er rikt dekorert. Røldal Stavkyrkje er framleis soknekyrkje for Røldal. Omvising i sommarsesongen. Det er fleire pilegrimsruter i tilknyting til Røldal Stavkyrkje.


Inngongsbillett: 80kr for vaksne, gratis for barn under 15 år, 50kr for grupper på minimum 10 personar. 


Opningstider 2024: 

18.-20.mai: 10-16

26.-27.mai: 10-16

 2. - 3.juni:10-16

 9 - 10.juni: 10-16


15.juni - 11.august: 10 -18


17. - 18.aug.: 10 - 16

24.-25. aug.: 10-16

31.aug.-1.sept.: 10 -16

  7. - 8.sept.: 10 - 16









Last updated: 03/26/2024

Source: Destination Hardanger Fjord AS

Røldal Stavkyrkje

Nyligen besökta sidor