VIKTIGT! Se den senaste informationen om coronaviruset i Norge
Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Fjord Norway Vestland ULLENSVANG

Sidersafari i Sørfjorden

  • Torget 2-4, Ullensvang
  • +47 55316760
  •  /  km From You
Overview

Sider frå Hardanger har eksplodert i popularitet dei siste åra. Stadig fleire har fått augo opp for det prisvinnande produktet, og sommaren 2020 kan du kombinera det beste frå to verdenar med sidersafari i Sørfjorden. Då kjem nemleg hybridbåten «Vision of the Fjords» til Hardanger med skreddarsydde pakkar som inkluderer gardsbesøk, sidersmaking og båttur med det populære fartøyet.

Du kan velja å starta turen, som har tre daglege avgangar, frå enten Lofthus eller Odda. Du har også valet mellom å besøka éin eller fleire sidergardar. I dei pakkane som inkluderer fleire sidergardar, får ein servert lunsj beståande av lokale freistingar frå Hardanger. 

Det finst óg pakkar med middag og overnatting på enten Hotel Ullensvang eller Utne Hotel.
Ynskjer du kun billett til fjordcruise med Vision of the Fjords, er dette også mogeleg. Det er sal av mat og drikke på båten. 

Gli forbi majestetiske fjelltoppar, kontrastfylte isbrear, sjarmerande fjordbygder og hundretusenvis av frukttre i Sørfjorden – den største frukthagen i Noreg.

Tilgjengeleg i perioden: 19/6 - 23/8

Vil du læra meir om dei ulike sidergardane?

Aga Sideri

Åkre Gard – Edel

Alde

Hardangergutane

De ulike turane du kan velja mellom er fylgjande:

Frå Odda:
Sidersafari frå Odda 10:50 – 17:30
Inkluderer fruktstivandring og sidersmaking på Ekspedisjonen Skjenkestove.
Totalpris kr. 1 145,- per person

Sidersafari frå Odda 13:50 – 17:30
Inkluderer sidersmaking på Aga Sideri.
Totalpris kr 1 145,- per person

Sidersafari frå Odda 10:50 – 17:30
Inkluderer sidersmaking på Aga Sideri og Ekspedisjonen Skjenkestove.
Totalpris kr 1 690,- per person

Sidersafari frå Odda 13:50 - 20:30
Inkluderer sidersmaking på Aga Sideri og Åkre Gård.
Totalpris kr 1 690,- per person

Frå Lofthus:
Sidersafari frå Lofthus 10:15 – 16:15
Inkluderer fruktstivandring og sidersmaking på Aga Sideri og Ekspedisjonen Skjenkestove.
Totalpris kr. 1 745,- per person

Sidersafari frå Lofthus 12:15 – 15:10
Inkluderer sidersmaking på Åkre Gård.
Totalpris kr 1 045,- per person

Sidersafari fra Lofthus 16:15 – 19:10
Inkluderer sidersmaking på Åkre Gård
Totalpris kr 1 045,- per person

Sidersafari med overnatting:
Sidersafari med overnatting på Hotel Ullensvang
Inkluderer fruktstivandring i Lofthus, sidersmaking på Aga Sideri, overnatting to netter og to 3-rettars middagar
Totalpris fra kr. 4 935,- per person

Sidersafari med overnatting på Utne Hotel
Inkluderer fruktstivandring i Lofthus, sidersmaking på Aga Sideri, overnatting to netter og to 3-rettars middagar
Totalpris fra kr. 4 900,- per person

Billett til fjordcruise
Inkluderer kun fjordcruise med Vision of the Fjords.
Totalpris kr 490,- per person


  • Last Updated:
  • Source: Destination Hardanger Fjord AS

Opening hours

19 jun 2020 – 20 sep 2020
Daily
See All
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with TripAdvisor
Your Recently Viewed Pages