Norheimsund

Steinsdalsfossen

  • Opplev Steinsdalsfossen frå ein unik vinkel – stien bak fossen.
  • Vakker panoramautsikt frå stien bak Steinsdalsfossen.
  • Sti som går bak Steinsdalsfossen – ei magisk naturoppleving.
  • Steinsdalsfossen sett frå lufta – eit imponerande skue året rundt.
  • Nærbilete av Steinsdalsfossen, der vatnet brusar ned fjellsida.
  • Utsiktsplattform med spektakulær utsikt over Steinsdalsfossen og dalen.
  • Luftfoto av Steinsdalsfossen og det vakre landskapet i Hardanger.
  • Arkitektonisk design inspirert av naturen – besøkssenteret ved Steinsdalsfossen.
  • Moderne besøkssenter ved Steinsdalsfossen, med unik arkitektur og naturskjønn beliggenheit.
  • Skicka email

  • Mo ved Steinsdalen

    Kvam, Vestland

    Visa på kartan

Gå tørrskodd bak ein av Noregs mest populære fossar. Steinsdalsfossen ligg lett tilgjengeleg og rett ved vegen nært Norheimsund.

Steinsdalsfossen like ved Norheimsund er av det spektakulære slaget. Her kan du nemleg gå på baksida utan å verta våt. Frå parkeringsplassen med plass til både bilar, bubilar og campingvogner, fylgjer du vegen langs elvebreidda og fossefallet. Vegen fortset inn bak fossen og til utkikkspunktet på andre sida - med nydeleg utsikt mot Norheimsund og over heile Steinsdalen.



Fossen, med sitt 50 meter høge fall, har blitt ein populær attraksjon og eit ynda fotomotiv. Dette er noko alle bør sjå, og anlegget rundt er tilpassa både dei som er dårleg til beins og dei som sitt i rullestol. Ein tur til Steinsdalsfossen passar med andre ord for kven som helst. La deg beundra av fossefallet og naturkreftene frå plenen på framsida eller frå kafeen ved parkeringsplassen.



Med gode parkeringsmogelegheiter, turistinformasjon og som eit høgdepunkt langs Nasjonal turistveg Hardanger, er dette eit naturleg stoppepunkt i Hardanger!


  • Året runt

Källa: Destination Hardanger Fjord AS