Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ce87e58a5b7ea9333aa
name: plugins_common_social_share (widget)

Lærdal

Borgund Stavkyrkje

Borgund Stavkyrkje er eit unikt døme på imponerande byggjekunst frå mellomalderen som er eit særmerkt landemerke langs turistvegen mot Lærdal.

Borgund stavkyrkje er bygd kring år 1180. Kyrkja er svært godt bevart, og den mest særmerkte av dei norske stavkyrkjene. Kyrkja er vigsla til apostelen Andreas. Konstruksjonen i stavkyrkja er basert på bruk av berande stavar og søyler. Stavkyrkjene er det viktigaste Norge har ytt til verdsarkitekturen av dei eldste trebygningane i landet. "UNIKE VIKINGTIDSFUNN" - permanent utstilling om vikingtidsfunn som vart avdekt på Bjørkum i 2009.

Fakta om Borgund Stavkyrkje

* Treskipet søylestavkyrkje med 12 stavar, frittståande klokkestøpul er truleg frå samme tidsalder.

* Apsis, svalgang og småtårn vart tilføyd truleg på 1200-talet.

* Kyrkja får preikestol i 2.del av 1500-talet. * Kring 1650 får kyrkja altertavle.

* På 1870-1880- talet vart kyrkja restaurert. Bl.a. vart vindauga frå etterreformatorisk tid fjerna.

Kyrkja tilhøyrer Fortidsminneforeningen.

Besøkssenter - med utstilling om stavkyrkjene sin rolle i det religiøse livet i mellomalderen. Kafe, suvenirbutikk og stillerom.

Kongevegen over Filefjell

Borgund stavkyrkje ligg ved Kongevegen over Filefjell - midt mellom Vindhellavegen og Sverrrestigen; Start rundturen frå kyrkja og du får ein kjempeflott vandring på 1.5 time Du kan ta offentleg transport (buss) frå Lærdal til Borgund stavkyrkje og Kongevegen over Filefjell. Ein kan også leige sykkel i Lærdal og sykle oppover dalen (25 km).

Sesong: 15. april - 10. okotber

Last updated: 02/29/2024

Source: Visit Sognefjord AS

Borgund Stavkyrkje

Nyligen besökta sidor