Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ce87e58a5b7ea9333aa
name: plugins_common_social_share (widget)

Øygarden

TripAdvisor rating of 4

102

Glesvær Kafé og Catering

Glesvær kafé er har originalinteriør frå den gamle butikken frå ca 1900, ca 50. min. med bil fra Bergen. Nyt ein kopp kaffi i eksotiske, røffe lokaler frå gamle dagar.

Glesvær kafè er eit kulturminne i full verksemd. Den tradisjonsrike kaféen på Holma-kaien er blitt eit ynda mål for folk som vil oppleva ein tur på kafé i ei anna verd og i ei anna tid. Alle som har drive verksemd på små fiskevær, veit at kreativet og mangfald er viktig: På Glesvær kafé finn du bakeri, butikk, kiosk, utstillingslokale og konsert-scene i ein og same kafé. Ei utruleg spesiell og annleis atmosfære rundt kaffi-koppen. Her har Sondre Lerche halde konsert. Her opplever du ”I storm og stille”, isbading og pysjamasløp; beinkald galskap kvart år, den første helga i januar. Lenger oppe på kaia foregår den årlege Periferifestivalen. I kaféen får du rimelige smårettar, suppe, pizza, pasta og middag kvar dag. Her finn du ro til å nyte maten og livet i sjøhusa, båtane, ute på vågen og langs kaiene. Vil du ha ein heilt spesiell konferanse, firmatur, blåtur eller festleg lag kan vi stelle i stand mykje spanande på Glesvær kafé.

FASILITETAR
På den gamle Handelstaden Glesvær kan vi tilby trivelege, historiske lokaler til samankomstar for grupper frå 2 til 65 personar. Vi serverer laks, krabbe, blåskjell, fiskesuppe og ellers andre rettar du måtte ønskje. Her får du òg ulike typar kaffi, ferskt brød frå eige bakeri øl og vin og brennevin. 50 skritt frå kaféen finn du dei flotte rorbuene til Rutt og Arne. Kapasitet overnatting inntil 46 personar.
Ring for tilbod om pris og meny.

Utleie til grupper:
Restauranten kan leies eksklusivt av en gruppe. Det krever i så fall minimum 35 gjester.

Last updated: 12/11/2023

Source: Visit Bergen

Glesvær Kafé og Catering

Nyligen besökta sidor